I dag vart det nye Utdannings-Noreg presentert. Krava blir høgare og ingen blir tvangsfusjonert – men siste ord er ikkje sagt.

Faktaboks

Desse samanslåingane er bestemt:

Universitetet i Tromsø slår seg saman med Høgskulen i Harstad og Høgskulen i Narvik

Universitetet i Nordland slår seg saman med Høgskulen i Nesna og Høgskulen i Nord-Trøndelag

NTNU slår seg saman med høgskulane i Sør-Trøndelag, Gjøvik og Ålesund, og blir størst i landet.

Universitetet i Stavanger slår seg saman med Høgskulen i Stord og Haugesund

Høgskulen i Buskerud og Vestfold slår seg saman med Høgskulen i Telemark

Desse samanslåingane skal utgreiast:

Universitetet i Bergen går saman med Kunst- og designhøgskulen i Bergen

Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo går saman med Kunsthøgskulen i Oslo og Noregs musikkhøgskule

Diakonhjemmet høgskule går saman med Misjonshøgskulen, Haraldsplass diakonale høgskule og Høgskulen Betanien

Framtida til desse skal avgjerast gjennom kvalitetskrav:

Høgskulen i Molde

Høgskulen i Bergen

Høgskulen i Hedmark

Høgskulen i Lillehammer

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Østfold

Norges Handelshøgskule

Norges Idrettshøgskule

Norges miljø- og biovitskaplege universitet

Universitetet i Agder

Universitetet i Oslo

Samisk høgskule skal gå gjennom ein eigen prosess grunna ei særskilt rolle.

LES FAKTALUKK FAKTA

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) la i dag fram strukturmeldinga, som skulle teikna kartet for det nye Utdannings-Noreg. Han har komme langt i å stramma inn talet på institusjonar, og går frå 14 ned til fem. No skal krava og kvaliteten aukast for høgskulane som vil bli universitet – og mange skeptiske stemmer må overtydast i tida som kjem.

LES OGSÅ: Legg press på små høgskular

Ingen tvangsfusjon – enno
Det var 14 høgskular og universitet i Noreg – no skal det bli fem.

– Me har ei rekke institusjonar som ønskjer å slå seg saman. 14 vil bli til fem, og sjølvsagt betyr det samanslåingar me er positive til, sa Torbjørn Røe Isaksen under framlegginga i dag.

I faktaboksen kan du sjå kva som blir dei nye institusjonane, og kven som slår seg saman. Fleire høgskular i vest som var veldig bestemte på å stå åleine, får halda fram med det – mellom anna Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og Høgskulen i Volda (HVO), som lenge frykta tvangssamanslåing.

Likevel pustar dei ikkje heilt ut – for siste punktum er ikkje sett i saka.

– Vår analyse har vore at høgskulen ikkje er solid nok til å stå åleine, og den har ikkje endra seg, seier Røe Isaksen om HISF,ifølgje Sogn Avis. Det same seier han også om høgskulane i Molde, Hedmar, Lillehammer og Østfold, ifølgje NTB – alle dei må skjerpa seg om dei vil halda fram åleine.

Det fører til at leiinga ved HiSF framleis er avventande – ifølgje Sogn Avis skildrar styreleiar Heidi-Kathrin Osland strukturmeldinga som "ikkje så mykje nytt".

Den same haldninga har rektor ved HVO, Per Halse.

– Vi tolkar dette slik at her er alle mulegheiter opne, frå at vi vert ståande som ei sjølvstendig eining, og til at vi vert innlemma i ein fusjonsprosess, seier Halse til Møre-Nytt.

LES OGSÅ: Droppar tvangssamanslåing av høgskular

Tøffare krav
Høgskulane i Volda og Sogn og Fjordane er berre to av totalt 13 høgskular som har ei uavklart skjebne. Kva som skal skje med dei, blir vurdert etter ulike kriterier.

– Vi ser på kor mange tilsette som har doktorgrad, kor mange studentar som søkjer og gjennomfører høgare utdanning, og kor mykje tid studentane brukar på studia. I tillegg vurderer vi kor mykje forsking som blir publisert, og kor mye eksterne forskingsinntekter institusjonane får, seier Torbjørn Røe Isaksen.

Det vil med andre ord krevja meir forsking, fleire med doktorgrad, mindre fråfall og meir pengar inn. Skal ein høgskule bli universitet må dei ha minst 15 studentar per doktorgradsprogram, og minst to av doktorgradsprogramma må uteksaminera 5 kandidatar i året i snitt.

Det blir ei utfordring for mange av dei små i tida som kjem.

Det auka kvalitetskravet forsvarer Røe Isaksen mellom anna med innføringa av strengare krav til lærarutdanningane.

Me har sagt at me skal innføra masterutdanning for lærarane innan 2017, og det stiller heilt andre krav enn dagens utdanning. Det er eit stort løft for institusjonane, og det er klart at dei som ikkje klarar det, kan ikkje levera lærarutdanning, seier kunnskapsministeren til NRK.

LES OGSÅ: HiSF: – Eit konkurransefortrinn å halda fram åleine

Møtt med skepsis
Påtroppande rektor ved Universitetet i Oslo, Curt Rice, er ein av dei som er skeptiske til det Røe Isaksen la fram i dag.

– Spesielt når det gjeld toppforskarmiljø tykkjer eg ikkje dette er rett medisin. I staden for å dyrka fram Nobel-forskarar må leiinga ved NTNU i staden bruka tid på å gjennomføra samanslåing med tre andre institusjonar. Det kjem til å krevja mykje ressursar frå leiinga, som då ikkje blir brukt på andre viktige kvalitetsfremjande føremål, seier Rice til NRK.

Også Senterpartiet er skeptiske – dei trur dei harde krava til små høgskular vil pressa distrikta.

– Sjølv om stortingsmeldinga ikkje inneheld eit konkret forslag om samanslåing av dei institusjonane som ønskjer å fortsette som sjølvstendige, er det tydeleg at regjeringa vil halda fram prosessen heilt til også desse høgskulane er fusjonert i større einingar, seier utdanningspolitisk talsperson i Senterpartiet Anne Tingelstad Wøien til NPK. Ho etterlyser og meir rettferd i finansieringssystemet for høgskulane, så dei små har betre sjansar til å oppfylla krava.

LES OGSÅ: Friskulane redda frå nytt krav

–Eit godt utgangspunkt
Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er meir positiv. Han meiner strukturmeldinga Røe Isaksen la fram i dag er eit godt utgangspunkt for eit betre Utdannings-Noreg.

– Heile utgangspunktet for meldinga var korleis me aukar kvaliteten. Eventuelle samanslåingar vil vera naudsynt i nokre tilfelle om grunnlaget er der, men det bør ikkje vera noko mål i seg sjølv, seier Olsen.

Også Norsk Studentorganisasjon (NSO) er positive. Dei meiner professorane har vore smurt for tynt utover til no, og at eigne institusjonar ikkje er nødvendig for godt utdanningsmiljø over heile landet.

– I dag tilbyr mellom anna halvparten av utdanningsinstitusjonane i landet studiar innan økonomifag, me har 19 lærarutdanningar og like mange studietilbod innan sjukepleie. Det gjer at me smørjer professorane for tynt utover. Alle kan ikkje driva med det same, derfor meiner me det er heilt rett at regjeringa stiller visse kvalitetskrav til institusjonane, seier NSO-leiar Anders Kvernmo Langset.

LES OGSÅ: – Ta grep mot mobbing

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE