Friskulane redda frå nytt krav

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fram forslag for Stortinget om fleire endringar i friskulelova. Men det opphavlege forslaget om å auke elevgrensa frå 15 til 30 for at ein friskule skal få støtte, er no stroke.

Kunnskapsministeren seier motstanden frå støttepartiet Kristeleg Folkeparti (KrF), og også frå regjeringspartnaren Framstegspartiet (Frp), har vore avgjerande.

– Vi meinte det var fornuftig å heve elevgrensa, men vi trekker no kravet fordi vi ønskjer eit så breitt fleirtal som mogleg for den nye lova, seier Isaksen til NTB.

Han peikar også på at forslaget fekk svært hard medfart i høyringsrunden frå mange instansar.

LES OGSÅ: – Finst ikkje fagleg hald

Læringsutbytte
Departementet grunngav ei heving av elevtalet med at større skular vil kunne styrke læringsmiljøet og læringsutbyttet for elevane, og at tilsyn viser at små skular har utfordringar med å gi elevar lovpålagd tilpassa undervising eller spesialundervisning.

– Dette er vektige argument, men det finst samtidig fleire viktige motargument som gjer at vi har landa på den avgjerda vi no har gjort, seier Isaksen.

Han peikar på at friskulane med det nye kravet må gå «aggressivt» ut for å få fleire elevar, noko som kunne slått uheldig ut for dei offentlege skulane i kommunen.

– Det ville også skapt stor uvisse i mange område. Med den nye grensa ville 30– 40 skular ha stått i fare for nedlegging, seier han.

Isaksen seier han vil sikre at elevane på små skular får godt nok læringsutbytte og dei rettane dei har krav på med eit skjerpa tilsyn framover.

LES OGSÅ: – Forslaget er distriktsfiendtleg

Demokratisk problem
Kommunesektorens interesseorganisasjon, KS, er skuffa over at regjeringa no bakkar ut.

– Det ei uklok avgjerd, seier direktør for interessepolitikk Helge Eide til NTB.

Han seier det er eit problem at dagens friskulelov vert brukt til å omgå lokaldemokratiske avgjerder.

– Det er openbert at mange av dei små skulane ikkje er etablerte på grunn av eit ønske om alternativ pedagogikk eller livssyn, men fordi ein er ueinige i strukturendringane, seier Eide.

Han meiner det er eit demokratisk problem og at det hindrar kommunane å gi elevane eit best mogleg læringsmiljø.

LES OGSÅ: Den stille skulereforma

Stor belastning
Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS) er svært letta over at departementet snur i saka.

– Vi reagerte med vantru då forslaget først kom, seier leiar Brite Kandal.

Ho seier det ikkje finst forskingsmessig belegg for at størrelsen på skulen har noko å seie for det faglege utbyttet til eleven.

– Men det vi veit, er at all læring går frå det kjente til det ukjente. Den moglegheita mistar dei barna som må bussast langt av garde for å gå på skule, seier Kandal.

Ho peikar på at det er ei stor belastning for barna som dagleg må reise langt av garde for å gå på skule. 55.000 elevar har i dag ei skulereise på ein time eller meir.

– Gjennom fleire år har vi hatt ei utvikling der barn i grisgrendte område blir diskriminerte og straffa for kvar foreldra bur. Når kommunane legg ned nærskulane, er det viktig at staten sikrar rettane til barna ved å gi foreldra moglegheit til å opprette friskular, seier ho.

Ifølgje LUFS har kommunane lagt ned 1.300 nærmiljøskular sidan 1986. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om friskulelova

Kunnskapsdepartementet legg fram forslag til fleire endringar i friskulelova fredag.

Lova endrar namn frå privatskulelova til friskulelova for å skilje tydelegare mellom private skular som har rett til statstilskot og private skular som ikkje har det.

Departementet vil tilføre to nye grunnlag for å få lov til å opprette ein friskule: vidaregåande opplæring i yrkesfagleg opplæringsprogram og særskilt profil innan realfag, språk, kunst og kultur.

I dag kan private skular som hovudregel berre få statsstøtte dersom dei enten har ein alternativ pedagogikk eller eit religiøst grunnlag,.

Godkjenning skal ikkje bli gitt dersom dette får negative konsekvensar for vertskommunen eller vertsfylket.

Forbodet mot å ta utbytte blir skjerpa inn og det blir innført nye krav til innsyn og dokumentasjon.

3 prosent av grunnskoleelevane og 7 prosent av dei vidaregåande elevane i landet går i dag på private skular.