– Forslaget er distriktsfiendtleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tykkjer forslaget er urettvist fordi det vil råka bygde-Noreg. Då vert det slik at ein ikkje kan starta distriktsskular, seier rektor på Ulnes Montessoriskule Kirsten Inga Kamrud.

Ho reagerer på Kunnskapsdepartementet sitt høyringsnotat med framlegg til endringar i privatskulelova. Framlegget går mellom anna ut på at privatskular som har mindre enn 30 elevar over tre år skal leggjast ned. I dag er denne grensa på 15 elevar.

LES OGSÅ: – Finst ikkje fagleg hald

Starten og slutten
I likheit med fleire andre Montessoriskular starta Ulnes opp med alternativ pedagogikk då den lokale grendeskulen vart lagt ned av kommunen.

I dei fem åra skulen har vore privat har elevtalet halde seg jamt rundt 30 elevar. I to månadar i år var dei 29 elevar, men rektor er trygg på at dei ikkje kjem under det som kan verte den nye grensa att.

Kamrud trur særleg oppstartsfasen for privatskular vil verte tøffare, om elevkravet vert høgare.

I tillegg til Ulnes har òg sambygding Skrautvål starta opp att som Montessoriskule. Dei har no det same elevtalet som Ulnes, men hadde berre 17 elevar då dei starta opp.

LES OGSÅ:Den stille skulereforma

Geografifloka
Kamrud er einig i at det helst bør vere 30 elevar på ein skule, fordi ein mindre lærarstab gjer skulen sårbar ved sjukdom. 

Likevel trur ho ikkje at departementet har tenkt på alle konsekvensane ved forslaget, som ho fryktar vil gjere det lettare for lokalpolitikarar å leggja ned privatskular utan å risikere å tape pengar på at foreldra startar ein privatskule.

– Ein må akseptere realitetane og det er at ein ikkje får ombestemt geografien. Nokon folk vil ikkje forstå at det finst stader som ligg slik til at det ikkje går an å pendle. Kanskje er det berre 17 elevar i den grenda. seier Kamrud, og legg til:

– Forslaget er distriktsfiendtleg.

LES OGSÅ: Vil tette smotthol for privatskular

– Diskriminerande
Rektoren får støtte frå Landslaget for nærmiljøskular (LUFS) som er oppteken av at privatskular kan vere eit tilbod der nærmiljøskulen vert lagt ned.

– Ifølgje internasjonale konvensjonar har kvart born rett til utdanning, som ikkje skal vere diskriminerande. Eit stort antal born vert diskriminerte fordi foreldra bur der dei bur. Det er i alle fall 50.000 elevar som vert pålagt store bører når dei reiser ein time eller meir kvar dag for å kome til nærmiljøskulen sin, seier rådgjevar i LUFS Torodd Fagerheim.

Både forkjemparen for offentlege småskular og Montessori-entusiasten meiner folk i grisgrendte strøk vert diskriminert.

– I byane skal ein ha så mange val, medan i bygda skal ein ta til takke med det som finst. Det er fint å ha valet om ein vil ha ungane på ein liten skule eller ein større, eller om ein vil ha ein annan pedagogikk, som er det viktigaste med Montessori-skulen, avsluttar Kamrud.

Faktaboks

I oktober 2014 sendte Kunnskapsdepartementet ut høyringsnotat om endringar i privatskulelova (ny friskulelov)

Høyringsfristen gjekk ut 15. januar 2015

Kunnskapsdepartementet tek sikte på å leggje fram eit lovforslag i løpet av våren 2015

Ein Montessori-skule er ein privatskule bygd på dei pedagogiske prinsippa etter den italienske legen Maria Montessori (1870-1952)