Tre av fire barnevernsbarn slit psykisk

Tre av fire ungdommar ved norske barnevernsinstitusjonar har ein psykisk diagnose, men få får hjelp, ifølgje ein ny rapport.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire slit psykisk

– Dette er rystande høge tal som viser at det er manglande fokus på psykisk helse i barnevernet, seier Anna Celine Røstbakken (18) i Landsforeningen for barnevernsbarn til VG.

LES OGSÅ: Horne vil ha strengare krav til barnevernsbarn

Fleire diagnosar
Rapporten «Psykisk helse hos barn og unge i barneverninstitusjoner» er laga av Regionalt kunnskapssenter for barn og unge ved NTNU, på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Helsedirektoratet.

Kartlegginga er den største av sitt slag i norsk barnevern og omfattar 400 ungdommar mellom 12 og 20 år ved 161 institusjonar.

Av dei 400 ungdommane som deltok oppfylte 323 av kriteriane for minst éin psykisk diagnose i løpet av dei tre siste månadane, noko som betyr at 76 prosent av borna på barnevernsinstitusjon har psykiske lidingar.

Det er vesentleg høgare enn blant born elles i befolkninga, der mellom fem og ti prosent har psykiske lidingar.

Mange av ungdommane slit med fleire ulike diagnosar samstundes, som til dømes angst, depresjon og adferdsforstyrringar.

Heile 23 prosent fyller kriteriane for Asperger syndrom.

LES OGSÅ: Deppa jenter har mest fysisk vondt

Lite hjelp
Prosjektleiar Nanna Sønnichsen Kayed vart spesielt overraska over talet på barn som seier dei ikkje får hjelp.

Berre éin av tre av dei som fekk påvist psykisk liding oppgav at dei har fått hjelp frå spesialisthelsetenesta.