Det ser ut til å verte ei god påske for nynorskbrukande friskusar. I dag presenterer DNT og Noregs Mållag dei nye nynorske fjellvettreglane.

mm
Faktaboks

Fjellvettreglane

1. Legg ikkje ut på langtur utan trening  

2. Meld frå kvar du går  

3. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane  

4. Ver rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ta alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev  

5. Lytt til erfarne fjellfolk  6. Bruk kart og kompass  

7. Gå ikkje åleine  

8. Vend i tide, det er inga skam å snu  

9. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt

Kjelde: DNT

LES FAKTALUKK FAKTA

No skal alle få råd om godt fjellvett på sitt eige språk.

I forkant av påskeferien presenterer Den Norske Turistforening i samarbeid med Noregs Mållag for fyrste gong Fjellvettreglane på nynorsk – nesten 50 år etter reglane slik me kjenner dei vart lansert på bokmål.

Her kan du laste ned plakat med dei nynorske fjellvettreglane.


57 nynorske foreiningar
Etter uvêrspåska i 1950 der fleire omkom i fjellet, tok DNT og Raudekrossen initiativ til å laga brosjyrane «Respekt for fjellet» og «Dei ni fjellvettreglane» for å førebyggja ulukker.

I 1967 omkom heile 17 personar til i skred og uvêr. Det resulterte i ein ny fjellvettkampanje med slagordet: «Velkomen til fjells, men ta ansvaret sjølv», og me fekk dei fjellvettreglane me kjenner i dag.

Generalsekretær i DNT, Nils Øveraas, meiner fjellvettreglane er aktuelle for alle som ferdast i fjellet og at det var på høg tid at reglane kom i ny språkdrakt.

– Fjellvettreglane er noko nordmenn flest har eit forhold til. DNT jobbar med å få så mange som mogeleg med ut på tur, og då er det eit stort poeng å ha reglane tilgjengeleg på begge skriftspråka. Fleire av våre 57 foreiningar nyttar nynorsk, og det skulle difor berre mangla at ikkje Fjellvettreglane er på begge språka, seier Øveraas i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Fjellvett gjeld året rundt

Nynorske fjell
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er oppteken av at nynorskbruarar treng å sjå språket sitt i bruk og gler seg over at nynorsk no vert enno meir synleg.

– For alle som ferdast i fjellet, er det viktig at dei ser og les språket som i stor grad vert brukt i mange av dei mest besøkte fjellområda våre. Slik knyter DNT seg endå sterkare til lange, lokale friluftstradisjonar der nynorsken er språket, og syner han fram til alle som er glade i fjellet og uteliv, seier mållagsleiaren.

LES OGSÅ: Mållaget: – Dette vil folk ha

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE