Israels mistak

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi har ingen problem med å sjå kva tryggingsfarar Israel står overfor. Målet til Hamas er ikkje til å mistyda. Dei vil overvinna staten Israel. Det same vil Iran. Og IS har synt kva råskap som kan slå ut i dei ytterleggåande islamistiske miljøa. Berre spør dei kristne i mange av dei arabiske landa.

LES OGSÅ: Ordkrigen om Gaza

Men farane rundt Israel må motivera for å få til fred. Og då bør Israel starta med å avvikla busetjingspolitikken. Den er lovstridig, djupt umoralsk og øydelegg alle sjansar for fred mellom palestinarane og israelarane.

Eit kart over den palestinske Vestbreidda syner i dag 200 israelske busetjingar med over 350.000 innbyggjarar. I tillegg bur det 300.000 israelarar i dei område i Jerusalem som Israel tok frå Jordan i 1967. Alle dei nye busetjingane på Vestbreidda vil gjera det umogeleg å få til ei tostatsløysing. For kvar skal du setja landegrensene når busetjingane dukkar opp overalt?

The New York Times hadde ein svært god artikkel om den israelske busetjingspolitikken 12. mars. Bileta frå reportasjen syner at dette ikkje berre er utpostar med campingvogner, men målretta utbygging med moderne hus og vegar.

Den største og raskast veksande busetjinga er Modiin Illit med ultra-ortodokse jødar. Sidan 2009 har det her vorte fødd 60 born i veka, og byen er no på over 60.000 innbyggjarar. Ein heilt ny busetnad heiter Leshem og har 104 familiar. Styresmaktene seier at han ikkje er ny, men ein del av ein gamal busetnad kalla Alei Zahav. Men han har sitt eige kommuneråd og eiga nettside som fortel at han både er geografisk for seg sjølv og styrer seg sjølv. Nokre kilometer borte ligg ein ny, Bruchin. Slik kan ein halda fram.

Denne politikken er øydeleggjande for alle freds­forsøk. Men svært mange israelarar tenkjer ikkje fyrst og fremst i eit slikt kortsiktig perspektiv. Dei tenkjer langsiktig og vil etablera «fakta på bakken». Har du okkupert eit område lenge nok, blir det verande israelsk. Difor vert det diverre ingen fredsavtale med Netanyahu som statsminister.

LES OGSÅ: Augevitne på Vestbreidda