Ordkrigen om Gaza

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Israel bryt truleg folkeretten, sa FNs høykommissær for menneskerettar, Navi Pillay, under eit møte i FNs menneskerettsråd nyleg.

– Vår rett til å forsvare oss ligg nettopp i folkeretten, svara den israelske ambassadøren Eviatar Manor.

I takt med den israelske offensiven mot Gazastripa vert ein parallell kamp kjempa – kampen om orda.

Korleis kan ein sjå så ulikt på den same konflikten?

– Vi handlar i sjølvforsvar
Anja Sletteland er stipendiat i samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo, og forskar på dei ulike forteljingane om Israel-Palestinakonflikten. Ho deler argumenta i to båsar.

Den eine sida, som har størst internasjonalt gjennomslag, ser Israel som ein militært overlegen stat, som okkuperer palestinsk territorium på Vestbreidda og sperrar folket på Gaza inne i noko som liknar eit utandørsfengsel. Maktilhøvet er svært skeivt og det er semje om at Israel trugar folkeretten.

LES OGSÅ: Rår Noreg til å ta imot palestinarar

Frå den andre sida ser ein ikkje konflikten som mellom Israel og palestinarane åleine, men heller mellom Israel og den arabiske verda. Her er makttilhøvet skeivt den andre vegen. Israel er i mindretal, mot ein stor og trugande fare. Dette perspektivet rår i Israel, og får internasjonal tyngde fordi USA stiller seg bak.

– Men også den israelske regjeringa er delt, påpeiker Sletteland.

Medan den israelske utanriksministeren seier rett ut at Israel bør utslette Hamas for å syne den arabiske verda kor farleg det er å angripe Israel, er den israelske statsministeren oppteken av å få fram at Israel handlar i sjølvforsvar og dermed i tråd med internasjonal lov.

Frå det andre perspektivet vert det svara at okkupasjonen ikkje bidreg til tryggleik, men aukar fattigdom og styrkjer ekstremisme.

– Til sjuande og sist meiner begge partar at dei handlar i sjølvforsvar, seier Sletteland.

Under #GazaUnderAttack på Twitter finst mange døme på perspektivet om at Israel bryt Folkeretten. Grafikk: Zain Khan

Øydelegg fredsdrøftingar og påverkar krigsoppgjer
Rakettar frå Gaza vert Israels prov, og israelske åtak vert palestinske prov. Konflikten byggjer på ein grunnleggjande mistillit, som gong på gong vert stadfesta i begge leirar.

Det kan høyres ut som ordkløyveri, men kva perspektiv som får støtte og av kven, kan ha mykje å seie for kva konsekvensane av krigen kan bli.

LES OGSÅ: Levde tett på rakettangrepa i Israel

Etter krigshandlingane i 2008-2009 til dømes, der Israel gjekk til harde åtak og godt over 1000 palestinarar vart drepne, slo Goldstone-kommisjonen fast at det vart begått krigsbrotsverk og moglegvis brot på menneskerettane frå både israelsk og palestinsk side, i ein rapport for FNs menneskerettsråd. Dei israelske overgrepa vart likevel skildra som mest omfattande.

– Rapporten var svært kontroversiell. Israel reagerte sterkt på å få mest skuld, ettersom dei ser på Hamas som ein likeverdig motstandar. Goldstone, leiaren av kommisjonen, trakk til sist tilbake meiningane sine etter mykje press frå USA, fortel Sletteland.

Rapporten fekk små konsekvensar for Israel.

– Nokre maktpersonar i Israel hadde i ein periode ståande arrestordre i nokre vestlege land for å ha delteke i krigsbrotsverk, men ingen har så langt blitt straffa. Dette er fordi FNs tryggleiksråd er det einaste internasjonale organet som kan setje makt bak krava, og der har USA vetorett. USA gjer også det dei kan for å unngå at palestinarane får føre sak mot Israel i internasjonale domstolar, seier stipendiaten.

LES OGSÅ: – Oljefondet legitimerer okkupasjonen

Dei ulike tolkingane hindrar også fredsdrøftingane.

– Begge partar snakkar om dei same ønska, som tryggleik og anerkjenning av nasjonal sjølvråderett. Men partane oppfattar historia så ulikt og diskuterer frå så ulike premiss at dei nær umogleg kan møtast. Konsekvensane av samanbrotne fredsforhandlingar er omfattande. Nær kvar gong dei bryt saman vert det krig.

Sletteland skildrar situasjonen som svært vanskeleg å løyse.

– Problemet er at palestinarar og israelittar manglar ei felles plattform. Begge partar kunne hatt mykje å tene på å tenke framover saman, i staden for å fokusere på det eksisterande, meiner ho.

Det israleske forsvaret formidlar tydeleg kven dei meiner har skulda for sivile tap. Grafikk: IDF

Spire til håp?
Meldingane om drepne og skadde i Gaza held fram med å kome. Nyleg skildra den norske legen Mads Gilbert kaoset ved sjukehuset Shifa på Gaza-stripa, der legane arbeider 12 til 24-timars skift under svært krevjande tilhøve.

Samstundes vert Twitter-kontoen til det israelske forsvaret oppdatert mange gongar dagleg, om rakettåtak fra Hamas, funn og treff av det dei kallar terroristmål, og eigne hjelpetiltak for sivile.

Faren for at hatet skal bli styrkja av offensiven er til stades. Sletteland peikar likevel på at det før krigen fanst nokre tendensar til dialog.

– Før denne krigen var frontane eigentleg byrja å bli mjukare enn før. Framleis er det mykje sinne, men der er samstundes noko meir rørsle mot ei forståing av at begge partar har det vanskeleg. Dei kjenner meir til kvarandres forteljingar. Dette går ikkje fort, og det må verkeleg jobbast med, seier Sletteland.

Vil krigen sende dialogen tilbake til start?

– Mykje er avhengig av utfallet av krigen og kva slags avtale ein får til. Israels forslag har så langt ikkje teke høgde for nokre av dei palestinske krava. Så lenge det er slik er det liten sjanse for at situasjonen vil betre seg.

LES OGSÅ: Augevitne frå Vestbreidda