Han kuppa skuletimen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Møre-Nytt

– Kva skal du verte? Spurde Kjell "Kjellen" Bigset, ein karakter frå humorshowet Klypa.

– Ferjemann, svara ein av elevane.

Og då var det gjort. For alle som svara at dei satsa på eit yrke innan buss eller ferje, dei fekk premie.

Sjå video!

Det var kanskje ikkje heilt slik Einar Holsvik frå Bygg- og anleggsgruppa i Ørsta hadde tenkt seg. Han ville nemleg setje søkjelyset på yrkesfag generelt.

– Vi har ein flott vidaregåande skule i Ørsta, og i bygg- og anleggsgruppa ynskjer vi å fortelje at ei utdanning i yrkesfaga er ein god veg å gå, fortel Holsvik.

Mellom anna inviterte han til Byggjedagen som bygg- og anleggsgruppa arrangerer onsdag 15. april. Då er alle niandeklassingar i Ørsta velkomne.

Men det var ikkje berre tull frå Kjellen si side. Han oppmoda elevane om å følgje draumane, og velje ei utdanning som vil høve for dei.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag