Fosse-perle i hardangerdrakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den kritikarroste romanen kom ut i 2000, og vart då nominert til Nordisk råds litteraturpris. No skal han for første gong setjast opp på ei norsk scene. Skodespelar Anne Marit Jacobsen skal bere fram monologframsyninga og regien er ved sambygdingen til Jon Fosse, skodespelar og songar Hildegun Riise.

– Morgon og kveld handlar i all sin essens om havet, kjærleik og døden. Vi følgjer fiskarsonen Johannes frå fødsel til død, altså frå morgon til kveld i livet. Gjennom ein heilt spesiell dag får han besøk frå levande og døde, og vi får sjå ulike streif frå livet hans, fortel Riise, som får sin regidebut med framsyninga.

LES OGSÅ: Vil etablera ei synleg nynorskscene

Felles landskap
Men Hildegun Riise er ikkje den einaste hardingen som er med på å prege stykket. Felespelar Benedicte Maurseth frå Eidfjord har komponert musikken til Morgon og kveld. Og når Maurseth går varsamt gjennom kulissane med hardingfela, er det i eit scenelandskap laga av endå ein Fosse-sambygding, kunstnaren Åse Ljones.

– Det er ein stor dose Hardanger på Nationaltheatret i dette stykket, smiler Maurseth. Ho trur den felles bakgrunnen er med på å prege framsyninga.

– Landskapet er att i deg, som ein lyd, akkurat som Johannes seier i stykket. Det ligg nok i oss alle og vi brukar det utan at vi tenkjer over det, trur Maurseth.

Også Hildegun Riise kjenner eit nært slektskap til Fosse-landskapet.

– Det han skriv speglar mykje frå Strandebarm, både menneska og naturen, og måten ting vert sagt på. Samtidig har han resonans i heile verda. Han klarer å finne eit språk for det useielege. Det som er inne i kvart menneske klarer han å gjere til noko universalt attkjenneleg for oss alle.

Full fridom frå Fosse
Det var folkemusikar Benedicte Maurseth som først lufta ideen om å ta Morgon og kveld til scena.

– Då eg las Morgon og kveld tenkte eg at eg har så lyst til å lage musikk til den teksten. Eg visste at Anne Marit Jacobsen hadde i seg det som trengst til å spele ut all psykologien i Johannes, fortel ho.

Saman møtte dei to Jon Fosse på ein kinarestaurant, der dei enda opp med å få velsigning frå Fosse til å sette opp stykket. Deretter fekk dei med seg Hildegun Riise på laget.

– Vi fekk heilt og fullt fridom frå Fosse. Det er både ei tillitserklæring og ei stor utfordring, seier regissør Riise.

– Detaljrikdommen hos Fosse er stor, ein får ikkje det same inn på ei teaterscene. Men teateret gjer at alle sansane kan få spele inn. Eg håpar eg har funne ein essens som kan fungere på scena. Det eg har gjort er ei omarbeiding av romanen, ikkje ei dramatisering, forklarer ho.

Blå tonar
For å formidle innhaldet i Morgon og kveld på best mogleg vis, måtte Benedicte Maurseth finne ein høveleg feleklang.

– Eg håpar og trur klangen eg har enda opp med er som romanen, litt dunkel, veldig blå og litt svart og kvit, seier ho.

Med bakgrunn som folkemusikar er det slåttemusikken som er språket hennar.

– Eg prøvar å lage musikken slik eg opplever at Jon Fosse skriv. Med repeterande motiv og sakte og presise variasjonar. Den same suggesjonen eg opplever i slåttemusikken fann eg igjen i litteraturen til Jon Fosse, fortel Maurseth.

LES OGSÅ: Jon Fosse: – Ein siger å bli nominert

– Mi tøffaste oppgåve
For skodespelar Anne Marit Jacobsen, som åleine skal både lese frå boka og spele ut dialogar, er det ein fordel at både musikken og scenelandskapet hjelper til med skildringane av det som går føre seg i og rundt fiskarsonen Johannes.

– Det er likevel den tøffaste oppgåva eg har hatt, det er ein vanskeleg tekst å arbeide med. Det er så mange vendingar som det er utfordrande å lage bilete av. Samtidig er det ein kjempefin jobb for eit gammalt hovud som meg, seier Jacobsen.

Å formidle innhaldet i Morgon og kveld til publikum for første gong premieredagen 18. mars, ser ho uansett fram til.

– Teksten er eit eventyr, ei lita perle som vi prøvar å knekke koden til. Utfordringa er å bruke patos utan å bli patetisk. (©NPK)

LES OGSÅ: Satsar på maratonteater om natta