Vil etablera ei synleg nynorskscene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorske teaterambisjonar

– Det er eit privilegium å få lov til å vera med på å utvikla teateret vidare, særleg no når det skal etablera seg i sentrum av Bergen. Målet er å etablera ei godt synleg nynorskscene med eit mangfald av teater for publikum i alle aldrar, seier Lyngstad i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp terrorstykke

Dramatikk på nynorsk
Han tek til i stillinga 1. januar neste år. Han vil likevel arbeida ein del ved teateret også i år, sidan han får ansvar for repertoaret frå 2016.

Styreleiar Birthe Eriksen set stor pris på at Lyngstad har takka ja til å leia teateret.

– Med Terje får vi ein erfaren teatersjef som kan vidareføra den gode utviklinga som Hordaland Teater har hatt under noverande leiing. Terje har solide røter i det vestnorske kulturlivet, han kjenner regionen godt og han brenn for eit teater som utviklar norsk dramatikk på nynorsk, seier ho.

Stillinga som teatersjef er eit åremål som går ut 2019. (©NPK)