Studentar føler dei blir «avbefalt» utveksling

Ingeniørstudentane reiser mest på utveksling, medan fakultetet for Samfunssvitenskap og teknologiledelse (SVT) er blant dei med færrast studentar som reiser ut.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

— Vi ser at det er ein tydeleg nedgang i antall søkarar ved SVT-fakultetet. Det er få som er ute på utveksling dette semesteret, seier Merete Knudtzon Strømsland, som jobbar med internasjonalisering på fakultetet.

Ho har ingen god forklaring på nedgangen, men understrekar at dei jobbar med å få pila til å peike i positiv retning igjen.

LES OGSÅ: Sender elevar ut i Europa

Misnøye med tilrettelegging
Heidi Ringen er tredjeårsstudent på profesjonsstudiet i psykologi, og vurderte førre semester å søke om utveksling. Men fordi det var viktig for Ringen å fullføre studiet på normert tid, opplevde ho risikoen knytt til å reise på utveksling som for stor. Ho droppa difor søknaden.

— Du må leggje ned så mykje arbeid i å få godkjent fag på førehand, men du har ingen garanti for at dei blir godkjend når du kjem tilbake. Den risikoen var eg derfor ikkje villig til å ta, seier ho.

Ho er kritisk til rettleiinga ved instituttet, som ho skildrar som svært mangelfull.

— Instituttet hjalp meg lite med konkrete ting og kunne verken kome med anbefalingar eller erfaringar. Det verkar som at ein har liten oversikt over mogelegheitene for utveksling, seier ho.

Vi har ein lang veg å gå
På profesjonsstudiet i psykologi er det 3 studentar i utlandet dette semesteret. Med omtrent 350 studentar totalt, er studiet langt frå å nå målet til internasjonal seksjon om at 40 prosent av studentmassen skal utveksle. Leiar Magne Arve Flaten ved psykologisk institutt innrømmer at dei har ein lang veg å gå.

— Eg er langt frå nøgd med talet på studentar som vel å reise, men vi jobbar med å gjere utveksling enklare, seier han.

Blant tiltaka instituttet har iverksett, er å endre fagplanen slik at det ligg inne tre semester med opning for utveksling. I tillegg jobbar dei med å få på plass betre samarbeidsavtalar, men Flaten seier at det krev mykje tid og ressursar.

— Per dags dato manglar vi midlar til å jobbe med dette, men vi skal søke om eksterne midlar igjen til hausten. Dersom vi får det skal vi få på plass ein avtale i løpet av 2016, seier han.

LES OGSÅ: Internasjonale studentar får ikkje kontakt

Haldningsproblem
I tillegg til dårleg rettleiing har psykologistudent Ringen heilt frå byrjinga hatt inntrykk av at tilsette ved instituttet er negative til at studentane utvekslar.

— Den første veka som student ved NTNU var vi på eit infomøte med instituttet. Der fekk vi høyre at psykologiutdanningen er så bra på NTNU at det faglig sett ville vere dumt å reise, seier ho.

Leiar Hilde Skeie for Internasjonal seksjon vert trist og provosert over å høyre at studentar vert anbefalt å ikkje reise ut.

— Det er hårreisande dersom tilsette ved institutta «avbefaler» studentar å reise. Det går i mot NTNUs internasjonale handlingsplan og pålegg frå Kunnskapsdepartementet og er svært alvorleg, seier ho.

Ho viser til Stortingsmeldingar og Nokuts studietilsynsforskrifter, som slår fast at alle studentar har krav på rettleiing og tilrettelegging for utvekslingsopphold. Ho har møtt fleire studentar som fortel liknande historier som Ringen.

– Vi skal leggje til rette
Prodekan for utdanning Torberg Falch ved SVT-fakultetet meiner det ikkje er greit å råde studentane til å bli heime.

— Vi skal leggje til rette for utanlandsopphald og oppfordre folk til å reise, seier han.

Han vedgår at fakultetet kan bli betre på å leggje til rette for utveksling.

Også Instituttleiar Magne Arve Flaten ved psykologisk institutt tykkjer det er synd dersom studentane oppfattar at dei ikkje bør reise på utveksling. Påstandane om at tilsette ved instituttet har «avbefalt» studentar å reise på utveksling kjenner han ikkje til, men han understrekar at han sjølv ser viktigheiten i spørsmålet.

Han har ingen god forklaring på at talet av studentar som utvekslar går ned, men legg til at mange nok vel å bli på NTNU fordi den faglege kvaliteten er god.

— Ifølgje tal frå Studiebarometeret meiner studentane at profesjonsstudiet ved NTNU er det beste i landet. Kanskje dei heller vil bli her heime, seier han.

Oppmodar om å lage «pakketurar»
Internasjonal seksjon ved NTNU har sett i gang fleire tiltak for å auke rekrutteringa til utveksling. Mellom anna forsøkjer dei å vere meir tilgjengelege, og har no fast kontortid på Dragvoll kvar veke der folk kan kome innom.

I tillegg oppfordrar dei institutta til å lage såkalte «pakketurar».

— Det vil vere lettare for studentane å reise dersom institutta har nokre avtalar dei kan anbefale studentane sine å bruke. Det vil gi meir tryggleik til studentane, seier ho.

Skeie er levande opptatt av utveksling og peikar på at dette er ein obligatorisk del av graden ved mange universitet i utlandet.

– Min draum er at studentane skal sleppe å søke om å få reise på utveksling, at dei heller må søke om å sleppe å reise ut, seier ho.

LES OGSÅ: Bergensarar studerer mest