– Elevar må ha minst like godt rettsvern som arbeidstakarar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny plan mot mobbing

Det skal bli lettare å sei ifrå om mobbing, skulane skal få strengare plikter og bøter om dei forsømmer arbeidet, skulehelsetenesta skal styrkast og alle skal få meir kunnskap om. Dette er nokre av målsetningane som kjem frå arbeidet til Djupedal-utvalet, som blir lagt fram i dag.

Utvalet, leia av fylkesmann i Aust-Agder Øystein Djupedal, vart nedsett i 2012 for gjera noko med mobbinga i norske skular. I Elevundersøkinga frå 2014 seier fire prosent av elevane at dei blir mobba to-tre gonger i månaden eller meir – sjølv om det høyres lite ut, er det snakk om 17.000 born.

– Dette er alvorleg. Utvalet har fått høyra historiar om elevar som har opplevd langvarig mobbing. Elevar og foreldre som har opplevd at dei ikkje blir trudd i skulen og som opplever at det ikkje nyttar å klaga til fylkesmannen, skriv Øystein Djupedal i ein kronikk i Aftenposten i dag.

LES OGSÅ: Kjartan er «Årets pøbel»

Nye tiltak
Etter to og eit halvt år med arbeid har Djupedal-utvalet komme med ei grundig utreiing for korleis mobbepolitikken i den norske skulen skal sjå ut i tida som kjem.

– Me er mange som har sett fram til denne dagen, sa Torbjørn Røe Isaksen under overrekkinga av arbeidet, før han ga ordet til Djupedal sjølv.

– I kort inneheld denne utreiinga ein heilt ny og robust mobbepolitikk, sa Djupedal og presenterte utreiinga til utvalet.

– Elevar må ha minst like godt rettsvern som arbeidstakarar, la han til seinare i presentasjonen.

I utreiinga til Djupedal-utvalet er det gjort fleire funn, i tillegg til tala frå Elevundersøkinga.

– Elevane sine rettar blir ikkje oppfylt

– Skulekulturen har for lite vekt på nulltoleranse for krenking, mobbing, trakassering og diskriminering

– Elevane og foreldra blir ikkje involvert godt nok i skulen sitt arbeid med det psykologiske miljøet.

– Skuleeigar og skuleleiinga sin kapasitet til å arbeida systematisk og langsiktig med skulemiljøet er mangelfull

– Ansvarsfordelinga i støttesystemet er for utydeleg og er ikkje ei likeverdig teneste for skular og skuleeigarar

Kjelde: Vårt Land

LES OGSÅ: Slik vil ho bli kvitt skjult mobbing

– Starten på ei løysing
Kristoffer Hansen, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, har eit veldig godt inntrykk av arbeidet som Djupedal-utvalet har gjort.

– Det dei legg fram er eit veldig godt arbeid med svært positive tiltak til å løysa mobbing. Det er grundig og foreslår tiltak som ingen har foreslått før, som kjem til å løysa mobbeproblemet, eller i alle fall bli ein start på løysinga.

Kva er dei viktigaste tiltaka?

– Dei foreslår mellom anna at Barneombodet skal vera klageinstans. Eit av problema i dag er at klagestigen er for dårleg – det tek for lang tid, og gir ikkje dei rettane som trengs, seier Hansen.

Djupedal-utvalet presenterer sju tiltak som skal fjerna mobbinga frå norske skular (sjå faktaboks). I tiltaka er det to punkt Kristoffer Hansen ser på som ekstra viktige, i tillegg til eit betre klagesystem.

– Dei to viktigaste forslaga for oss er først aktivitetssplikt i skulen, som gjer at skuleeigar kan bli bøtelagt om han ikkje følgjer opp. Det andre punktet er å skapa eit lag rundt eleven. Det er eit forslag som har komme før, men dei understrekar no å styrka PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og skulehelsetenesta som viktige ressursar i skulen.

LES OGSÅ: Ønskjer satsing på skulehelsetenesta

No, ikkje seinare
– Om statsråden skal gjera noko, så er dette det aller viktigaste, sa Øystein Djupedal under presentasjonen av utreiinga, og sikta til dei sju punkta.

PPT skal utvidast til å gjelda alle elevar, ikkje berre dei med spesielle behov. Djupedal vil også ha ei god styrking av skulehelsetenesta. Han gir skryt til regjeringa for den satsinga som no blir gjort, men at det er endå litt meir som må til.

EO-sjefen er optimistisk.

– Eg har stor tru på at regjeringa vil innføra desse tiltaka. Det er ei hastesak – me har ikkje tid til å gå gjennom ei stortingsmelding eller utreda meir. Her må ein komma i gang med ein gong.

Kvifor er det så mykje mobbing i norsk skule?

– Det er fordi systemet har svikta dei gjennom veldig mange år, og har ikkje fanga opp og løyst problema tidleg. Det har gjort at mobbinga har eskalert og blitt eit stort problem.

Ei oppmoding til statsråden
Øystein Djupedal var einig med EO-sjefen – det hastar å komma i gang med tiltaka.

– Vil du starta med ei stortingsmelding, vil det ta for lang tid. Lag ein strategi, så går det fortare. Det er for mange barn som ventar på at noko skal bli gjort, sa Djupedal, og frista Torbjørn Røe Isaksen med at han kunne bli den statsråden som endeleg fekk gjort noko med mobbinga.

Kunnskapsministeren sjølv takka for arbeidet, og ga skryt for grundigheita i arbeidet. Han tok og sjansen til å seia noko om systemet i dag.

– Det er veldig mykje som er bra. Dei fleste elevar seier dei er trygge og trivst. Me veit også at det er mange skular som har jobba og vil jobba veldig bra med mobbing. Likevel er spørsmålet overordna: Fungerer systemet i dag bra nok? Der er det ikkje mogleg å gi noko anna svar enn nei når det er så mange tusen som opplever mobbing, sa Isaksen.

– Me kan ikkje vedta å fjerna mobbing, men me kan styrka systemet som skal ta tak i det og få slutt på det. Det er ikkje ei sølvkule som skal få til dette, men det krevjer systematisk innsats over tid,  la han til.

Han avslørte og at det ikkje kjem ei eiga stortingsmelding.

– Ikkje fordi ei Stortingsmelding ikkje ville vore viktig, men fordi det ville tatt for lang tid, og utsett arbeidet.

LES OGSÅ: Færre elevar seier dei blir mobba

Faktaboks

Djupedalsutvalet sine sju tiltak:

Alle skular må få meir kunnskap om å oppdaga og reagera på mobbing

Skuleeigarane og skulen sine pliktar må bli meir presise. Reglar om korleis mobbing skal handterast må bli tydelegare, skulane skal ikkje vera usikre.

Elevar som blir krenka skal kunne klaga til Barneombodet. Dei får løyve til å gjera vedtak om saknsjonar og reaksjonar.

Målretta innsats med førebygging mot digital mobbing må styrkast

Skuleeigar må få hjelp til å aktivt gjera skulane mobbefrie

Det blir anbefalt nye stillingar i skulehelsetenesta og ei endring i PPT-mandatet.

Det bør komma meir og ny forsking på område av mobbetema me veit lite om i dag.