– Regjeringa forskjellsbehandlar badestudiane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får kritikk for forskjellsbehandling

Saka var først publisert i Universitas.

Den 18. juni 2014 ba Kunnskapsdepartementet (KD) om at alle universitet og høgskular skulle avvikle samarbeidet med eksterne aktørar om studieopphald i utlandet. Målet var i fjølge KD å kvalitetssikre utdanningane ved å kutte ut såkalla «badestudiar», som idrettsfag og engelsk på eksotiske stader som Bali.

LES OGSÅ: Vil ha slutt på «badestudium»

Likevel er det ikkje alle studiestader som må avbryte utanlandsavtalane. Medan Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og Høgskolen i Buskerud og Vestfold (HBV) får fortsetje sitt samarbeid med den kommersielle organisasjonen Kulturstudier, må Høgskolen i Nesna (HiNe) avslutta samarbeidet med GoStudy, eit liknande selskap.

– Det eg reagerer sterkast på er forskjellsbehandlinga, seier Torgeir Knag Fylkesnes, SVs representant i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen.

Tvitydig argumentasjon
Då brevet frå KD kom i juni i fjor, stilte Fylkesnes eit skriftleg spørsmål om kvifor nokre utdanningsinstitusjonar fekk fortsetje samarbeidet sitt, medan andre måtte avslutte tilsvarande ordningar. Eit halvt år seinare kom svaret.

Kunnskapsminister Thorbjørn Røe Isaksen skriv i svaret til Fylkesnes at HiOA og HBV får fortsetje avtalane fordi dei har sterke faglege grunnar. Bjørn Haugstad, statssekretær i Kunnskapsdepartementet, utdjupar at det er klare forskjellar på kvaliteten.

– Dei som har fått vidareføre samarbeidet har hatt gode argument. Skal du lære spansk, har det noko for seg å vere i et spansktalande land. Opplæring i strandvolleyball på Bali er ikkje universitet og høgskular si oppgåve, seier Haugstad.

LES OGSÅ: Kostbart kronefall for utanlandsstudentar

Sven Erik Forfang, rektor ved HiNe, stillar seg uforståande til Kunnskapsdepartementet sin argumentasjon.

– Me har kvalitetssikra studiar, men får ikkje halde fram. Andre får fortsetje, om dei får sine studiar kvalitetssikra. For meg er dette ein logisk brist, seier Forfang.

Godt læringsutbytte
Dag-Are Halland har gått personleg trenar-studiet på Bali gjennom HiNe sin avtale med GoStudy. Han er godt nøgd med kvaliteten på studiet.

– På grunn av klimaet fekk vi trent mykje utandørs, for eksempel ved å løpe langs stranda, seier Halland.

– Ligg det noko i omgrepet «badestudiar»? Vart det i overkant mykjee strand og fest?

– Enkelte studentar dreg til Bali primært for å drikke og ha det gøy. Andre ser på det som ein bonus til det faglege utbyttet, hevdar Halland.

Halland tek no ein bachelor i idrett ved Høgskolen i Lillehammer. Han meiner studiane på Bali ga større læringsutbytte.

– Det første året på Lillehammer har vore lite utfordrande. Pensumet går ikkje i djupna. Eg lærte meir på Bali, seier han.

Kort frist
Kjell Idar Juvik, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, kritiserer Kunnskapsdepartementets treige handsaming av saka. Då HiNe fekk departementsbrevet i juni i fjor, byrja dei å planleggje avviklinga av avtalen med GoStudy. Den skulle avsluttast i løpet av 2017. I februar fekk høgskulen beskjed om at samarbeidet måtte avviklast innan 01. august 2015.

– Dette skulle vore handsama på eit langt tidlegare tidspunkt, seier Juvik.

Statssekretær Haugstad meiner at HiNe burde starta avviklinga av programmet med GoStudy då brevet kom i fjor sommar.

– Dei har visst utmerket godt kva som er vår generelle haldning. Beskjeden kom veldig klart i fjor sommar. At dei utset å ta stilling til det, tykkjer eg ikkje me skal måtte stå til ansvar for, seier han.

Innskrenka fagleg fridom
Fylkesnes meiner at universiteta og høgskulane sjølv bør få bestemma over studietilboda sine.

– Isaksen tykkjer rett og slett ikkje noko om at studentar tek norske studiar i utlandet. Før personlege meiningar blir norsk politikk, bør han sjekke om studiane held fagleg mål, og snakke med studentane, seier Fylkesnes.

Haugstad meiner Kunnskapsdepartementet har gjort ei politisk vurdering av kvaliteten i høgare utdanning.

– Strandvolleyball på Bali oppfyller ikkje kvalitetskravet. Det er overraskande at SV tilsynelatande er ueinig i denne vurderinga.

Forfang oppfattar Kunnskapsdepartementets innblanding som ei innskrenking av høgskulens faglige fridom.

– Eg saknar ei nærmare utgreiing for det rettslege grunnlaget for Kunnskapsdepartementets vedtak om avvikling av desse studiane, seier han.

Bør vere institusjonens val
Til tross for at «badestudiane» har blitt kritisert av både førre og noverande regjering, meiner Fylkesnes at det er høgskulane og universiteta sjølv som må velje kva studiar dei tilbyr.

– Det er mykje ein kunnskapsminister kan like og ikkje like ved studietilbodet ved universitet og høgskular, men det betyr ikkje at han kan bruke departementet til å detaljstyre, seier han.

Studentar på Kulturstudier sine studium i Nicaragua og Argentina har tidlegare blogga på Framtida.no om opplevingane sine.