Jente med luft under spakene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Frå kranhuset der ho jobbar, har ho god sikt over horisonten og havet kring Ekofiskfeltet. Best ser ho båten dei skal lasta eller lossa og plattformdekket. Skal ein sjå meir må ein fyka, då ser ein alt i forbifarten. Martine Grønås Larsen får tid til å sjå seg om der oppe frå.

LES OGSÅ: Kvar gong Cecilie er på jobb tener Noreg millionar

Kvifor kran – på plattform
– Eg har alltid ynskt å jobba offshore. Mest tirra av jobben til farfar. Han var overingeniør på ei plattform på Oseberg. Av alt det eg fann spanande der, såg krana kulast ut, fortel Grønås Larsen. 
At ho skulle hamna høgt ute over sjøen visste ho likevel ikkje. Ho byrja ved Rubbestadneset vidaregåande skule på Teknisk Industriell Produksjon (TIP). Her gjekk ho i to år. Rådgjevaren ved skulen, Helge Harkestad, fortalde henne om Kranskulen. Den einaste i landet ligg på Ålgård ved Stavanger.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

Mot fagbrev som kranførar
Før ho kom dit gjekk ho to år i lære hos Wärtsilä. Juni 2011 fekk ho fagbrev som industriell mekanikar. No søkte ho studiepermisjon, for å komma seg inn som lærling i kran- og løfteoperasjonar i ConocoPhillips. Så snart ein har fått læreplass sender firmaet lærlingane til Kranskulen. I løpet av 3,5 månad skal elevane samla 19 kranbevis. Deretter står eitt år offshore på lista, før det ber attende til Kranskulen for å samla ytterlegare fem bevis på at dei kan kranføring. Heile løpet toppast med ei vekes orienteringstur til Liebherr sine kranfabrikkar i Tyskland og Austerrike. 20. januar 2014 kunne Martine Grønås Larsen kalla seg sertifisert kranførar.

LES OGSÅ: Færre søkjer yrkesfag på vidaregåande

(Teksta held fram under biletet.)


Grønås har god utsikt frå arbeidsplassen sin i krana. 

Forlengja læretid
– Det er ei fin ordning i læretida, sidan me har høve til å forlengja tida dersom noko tilseier at me treng meir tid før me tek fagprøven. Slik vart det for meg då pappa var døyande og eg ville vera der i lag med han. Det kunne eg med godt samvit, utan at det øydela for fagprøven. Eg kjem aldri til å angra på at eg valde å vera heime den tida. Det kan jo vera mange grunnar til at folk må venta litt med den siste prøven, seier Martine Grønås Larsen.

LES OGSÅ: Fleire elevar fullfører yrkesfag

Jente i mannsverd
Offshore har tradisjonelt vore ein mannsbastion, med kvinner berre i keiteringsørvisen.
– No er me kanskje ved eit generasjonsskifte her ute, fortel Larsen. 
– Då eg fyrst kom ut, var hovudvekta av arbeidarane dei som har hatt arbeidet sitt offshore dei siste førti åra. No ser me fleire og fleire yngre. Fleire kvinner kjem også som fagarbeidarar i ulike fag, seier ho.

Yngste lærlingen mellom kranførarane er 19 år. Den eldste kranføraren har passert 66. Totalt er her 32 kranførarar. På kvart skift er dei mellom ti og tretten. Bømling Martine Grønås Larsen er einaste kvinna.  

– Me har eit veldig fint samarbeid, me på kranlaget, seier ho. Og ho vil varmt råde jenter til å søkje seg ein slik karriere. 
– Er det like spanande som du såg føre deg?
– Mykje kjekkare, kjem det kjapt. 
– Her er alltid noko nytt, vêret er viktig og aldri det same. Nye oppgåver og nye kranar. Me roterer mellom ulike kranar. Me har ikkje vår eigen på noko måte. Alle må kunna alle kranane, ni ulike i alt. Somme tider sit me 100 meter over havet andre tider er me 20–30 meter opp i lufta. For det meste lastar og lossar me supplybåtar. Det er all slags varer og utstyr me brukar om bord, sluttar den einaste kvinnelege kranføraren på Ekofisk.