Fylket som forundrar forskarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rare Sogn og Fjordane

Dette er ein del av ein større artikkel hos Utdanningsnytt

– Elevar frå Sogn og Fjordane er år etter år i Noregs-toppen på nasjonale prøver.

– Den årlege rangeringa frå Kommunal Rapport viser at 14 av dei 30 beste skulekommunane ligg i Sogn og Fjordane.

– På topp ti er seks av kommunane frå vestlandsfylket.

Utdanningsnivået i befolkninga er rekna for å vere den viktigaste faktoren for å forklare skuleresultat. Oslo og Akershus ligg heilt på topp i nasjonale prøveresultat, men det kan i all hovudsak forklarast med at dei har ei høgt utdanna befolkning. Sogn og Fjordane har ei lågt utdanna befolkning, men skårar nesten like bra på nasjonale prøver. Ingen andre fylke oppfører seg slik i elevstatistikken som Sogn og Fjordane.

I årevis har forskarane undra seg over dette paradokset.

– Vi elskar enkle svar på kompliserte spørsmål, men dei finst ikkje, seier Göran Söderlund og smiler.

Forskaren ved Høgskulen i Sogn og Fjordane leiar det omfattande prosjektet «Lærande regionar», der tolv forskargrupper har prøvd å nyste i mysteriet Sogn og Fjordane.

Her er kva dei fann!

LES OGSÅ: – Harald Hårfagre vaks opp i Sogn

Sogn og Fjordane er ein «lucky loser»
Prosjektet er ein analyse av kvifor Sogn og Fjordane har gode skuleresultat og levekår, men samstundes er eit fråflyttingsfylke.

På mål som dødsprosent, levealder, trygding, arbeidsløyse, helse og kriminalitet skårar fylket best i landet. Likevel har det vore stagnasjon i folketalet mot ein auke i andre delar av landet. Fylket rimar ikkje med tankegangen om at utdanning er vegen til vekst og utvikling.

Geograf og forskar bak studien, Jon P. Knudsen, kallar fylket for ein «lucky loser».

– Fylket har gått frå å ha seks prosent av folketalet til å ha to prosent. Dei har tapt kampen om demografien, men dei har vunne kampen om levekår og utdanning, seier Knudsen.

Han meiner fylket er eit eksempel på at ein i større grad bør regionalisere skuleutviklinga.

– Dei har ein skulekultur tufta på bygdefellesskap og lokal utvikling. Det er ein skule som ein ikkje har prøvd å stramme opp utanfrå gjennom målingar, testar og ytre disiplinering. Utdanningssystemet er heller ei forståing av indre naudsyn, og det skaper gode resultat, seier Knudsen.

At andre fylke berre skal kopiere Sogn og Fjordane, trur han blir for enkelt.

– Kvar enkelt region må finne ut kva slags kultur og sjølvbilete han ønskjer å lyfte, og så kan skulen vere ein god reiskap til å artikulere dette, seier Knudsen.

LES OGSÅ: Minst gjeld i Leikanger

Bygging av tillit gir resultat
Dosent Øyvind Glosvik ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har samanlikna utdanningssystemet i Sogn og Fjordane med tre andre fylke.

Han har intervjua 24 sentrale personar i dei ulike fylka.

– Dei som er intervjua i Sogn og Fjordane, er ikkje fyrst og fremst opptekne av om samarbeidet deira fører til gode skuleresultat, dei er opptekne av å lage gode skular. Dersom du er glad i fotball, er det lite gevinst i å telje sigrar og mål, du må ha glede av spelet, seier Glosvik.

I 1997 utvikla dei i Sogn og Fjordane det som seinare vart heitande Forum for skule- og barnehageutvikling. Det er eit diskusjonsforum for sentrale personar på tvers av kommunegrenser. Forumet gjer ingen vedtak, men medlemmene diskuterer seg fram til ei felles semje om utdanningspolitiske retningar før diskusjonen når kommunenivået.

– I Sogn og Fjordane har dei starta tidlegare og jobba hardare og meir integrert med profesjonell utvikling enn i dei andre fylka, seier Glosvik.

– Av informantane i Sogn og Fjordane har dei fleste vore involverte i Forum for skule- og barnehageutvikling på eit eller anna vis – vil ikkje det farge synet deira på kor viktig det har vore?

– Jau, men det er vanskeleg å undersøkje relasjonar mellom partar utan å spørje partane, seier Glosvik.

Han peikar på tre punkt Sogn og Fjordane har fått til:

– Etablert eit ansvarssystem for utdanning der alle er med i diskusjonane.

– Ei tydeleg mobilisering og ansvarleggjering av kommunane.

– Eit system for omfattande etter- og vidareutdanning.

– Er det verkeleg så dårleg stelt med desse tinga i andre fylke?

– Nei, dei andre fylka er heilt normale. Det er Sogn og Fjordane som er unormalt. Det ein kan lære av dei, er korleis dei har bygt tillit mellom samfunnsaktørar, både på individ- og organisasjonsnivå, seier Glosvik.

Fleire vil bli lærar i Sogn og Fjordane
I perioden 1900 til 1950 var Sogn og Fjordane i særklasse det fylket i Noreg der størst del av befolkninga ville bli lærar. Det same mønsteret ser vi også i dag.

– I perioden 1900 til 1950 rekrutterte Sogn og Fjordane mest tre gonger så mange utdanna lærarar som folketalet skulle tilseie, seier historikar og forskar Gunnar Yttri.

Fire fylke er samanlikna: Nord-Trøndelag, Oppland, Aust-Agder og Sogn og Fjordane.

– Sogn og Fjordane er suverent på topp i lærarrekruttering i perioden 1900 til 1950. I den same perioden blir den norske lærarstanden forma. Frå rundt 1880 til 1950 kjem det fleire skulelover, vi får eit demokratisk gjennombrot, ei modernisert lærarutdanning veks fram, og lærarane får landsdekkjande organisasjonar. Omgrepet «Vestlandslæraren» stammar også frå den perioden eg har sett på, seier Yttri.

Han trur at den sterke statusen læraryrket har i Sogn og Fjordane, må sjåast i ein kulturhistorisk samanheng.

– Utdanning og skule har vore viktig i den folkelege kulturen i Sogn og Fjordane svært lenge. Både haugianarane og målrørsla sto tidleg sterkt i fylket. Begge la vekt på skule som viktig. Det var òg svært mange skuleetableringar dei siste tiåra av 1800-talet, som alle var lokalt initierte, seier Yttri.

Han viser til at lærarane i større grad var føregangsfigurar på bygdene enn i byane. Yttri meiner dette kan ha hatt positiv og varig betyding for innbyggjarane sine haldningar til skule og lærarar.

– Rune Slagstad skriv på eit overordna nivå om historiske elitar som har brukt kunnskap og arbeid til å forme det norske samfunnet, og han kallar dei for nasjonale strategar. I studien min kallar eg lærarane bygdehøvdingar, seier Yttri.

Les resten av artikkelen hos Utdanningsnytt