Etter press frå Målungdommen har både Sunnmørsbadet og Skei Hotell gått vekk frå bokmålsprofilen.

– Herøy er ein nynorskkommune, og badet skal vere eit regionalt tilbod for innbyggjarane, seier Håkon Remøy i Bergen Studentmållag.

– Då burde nynorsk vere det sjølvsagte språkvalet, legg Herøyveringen til.

Han siktar til Sunnmørsbadet i Herøy, eit nyopna tilbod med mål om 100.000 besøkande i året. I profil og promotering har nynorsken blitt brukt, sjølv om ein kunne venta seg det i ein kommune som Herøy.

Saman med Norsk Målungdom sendte Bergen Studentmållag brev til Språkrådet der dei ber om svar om Sunnmørsbadet skal bruka nynorsk etter Mållova, spesielt med tanke på at kommunen eig 54 prosent av selskapet.

LES OGSÅ: Nye Stortinget.no nesten utan nynorsk

Har snudd
– Dette handlar om synleggjering av nynorsken der han høyrer heime. Viss du ikkje skal få gå på eit nynorsk bad på Sunnmøre, kor skal du då finne det, spør Håkon Remøy.

No har han fått svar – du skal faktisk finne eit nynorsk bad på Sunnmøre. Sunnmørsbadet har snudd i saka, og skal no profilere seg på nynorsk, melder dei på Facebook.

 

 

Det blir motteke med glede.

 

– Slikt varmar meir enn eit varmtvassbasseng. Til lukke, skriv ein av kommentatorane på Facebook.

LES OGSÅ:– Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet

Nynorsk også på Skei
Dette er ikkje den einaste kampen Målungdommen har vunne den siste tida.

I førre veke gjekk dei ut mot Skei hotell i Jølster, som nyleg er kjøpt opp av Olav Thon. I si nye drakt var nynorsken fjerna frå hotellet.

– Thon Hotels bør heller spele på den lokale identiteten og bruke nynorsk. Ein tydeleg nynorskprofil gjer hotellet knytta til staden det ligg, og vil gjere det til eit føredøme for andre hotell, sa Jorunn Simonsen Thingnes, sentralstyremedlem i Målungdommen, som reagerte sterkt på bokmålsprofilen.

No har også Skei Hotell snudd – det blir nynorsk i Jølster.

– Alt gjestane kjem over av skrift her på hotellet skal vere på nynorsk, seier direktør Terje Kleveland ved Thon Hotel Jølster til NRK Sogn og Fjordane.

– Alle nordmenn forstår nynorsk viss dei vil, så det ser eg ikkje på som noko problem. Det kan heller vere med på å styrke det nynorske språket, slik at ikkje det fell heilt vekk, legg han til.

LES OGSÅ:No skal politiet på kurs i nynorsk

Vil ikkje alltid vera sure
– Dette er eg sjølvsagt veldig nøgd med. Det viser at viljen er der. Det er vilje til å bruke nynorsk, men ein treng kanskje eit lite spark av og til, seier Karl Peder Mork, leiar i Målungdommen.

Etter å ha fått både Skei Hotell, Sunnmørsbadet og ferjene i Sogn og Fjordane til å bruke nynorsk – kva blir det neste målet?

– Me får sjå. Dei sakene som har vore må først gjennomførast. Men så er det sjølvsagt mange stader me kunne kommentert. Men det er ikkje slik at me skal kommentere alt heile tida heller. Me håpar desse vil vera gode førebilete i tida som kjem, slik at me slepp å gå rundt med peikefingeren og vere sure heile tida. Det tener ingen på, seier Mork.

LES OGSÅ: Målungdommen får nynorskferje

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE