Lagar Minecraft-museum i skuletida

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Minecraft på skulen

– Her på workshopen handlar det om å vere kreativ og bygge noko. Minecraft byrja som eit overlevingsspel, men no er det noko meir, seier Sverre Næss.

Han og fire medelevar utgjer ei gruppe som har fått i oppgåve å konstruere etter temaet «bærekraftig». Dei har vald å løyse oppgåva ved å lage eit museum.

Workshopen innan Minecraft var eit av tema elevane ved skulen kunne velje å fordjupe seg under Framtidskonferansen nyleg. Målet med konferansen er å inspirere og engasjere elevane, ved å lære heilt nye ting og gjere det på ein ny måte.

– Vi prøver oss på ting som er annleis og så ser ein om det kan integrerast i vanleg skulearbeid, seier Næss.

LES OGSÅ: Dronar seg inn i framtida

Vindmøller og grastak
Dei synst oppgåva med å lage museum i Minecraft er både spennande og utfordrande.

– Vi bruker kunst og miljø som kan relatere til det å være bærekraftig. Vi har til dømes gras på taket og heile området er fylt med vindmøller. Vi prøver å syne at ting kan vere vakkert sjølv om det er moderne, seier Næss.

Heile bygget dei har laga skal spele på lag med naturen. Sjølve inngangsdøra til museet er eit godt døme på det.

– Døra opnar og lukkar seg med sola, fortel Jørgen Røli Hope. Bygget har sjølvsagt også solcellepanel. Slik håpar elevane at bygg i framtida kan sjå ut.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Hjelp frå vener
Basiskunnskap om Minecraft var viktig for å kunne klare å løyse oppgåve, trur dei. Gruppa har òg hente inn eksperthjelp frå utlandet. Nokre nederlandske vener av ein på gruppa har hjelpt til.

– Serveren har vært oppe heile døgeret, så vi har fått hjelp både frå Nederland og frå vener her heime. Dei har hjelpt oss på fritida si, fortel Næss.

Alle på gruppa synast det er veldig kjekt å kunne få bruke Minecraft i skuletida, at det er med på å binde saman fritida deira med kva dei gjer på skulen.

– Det er heilt supert. Dette er slikt vi vanlegvis gjer på fritida. Å få gjere det på skulen er veldig kjekt, og det gir oss inspirasjon til å lage nye ting. Ein får òg eit betre forhold  til skulen og til læring. Det er veldig kjekt å lære ved å spele og det påverkar motivasjonen vår, seier Næss.

LES OGSÅ: Elevar blir tvinga til å bruka data

– Heilt genialt
Han understrekar samstundes at det ikkje er slik at dei berre sit og spelar, men at dei til dømes òg skal lage ein rapport om tankeprosessen bak vala dei har tatt.

– Å bruke IKT og innovasjon aktivt i undervisninga er heilt genialt. Det var årsaka til at eg søkte meg til denne skulen, seier Hope.

At skule, fritid og IKT heng tett saman, meiner dei er ein fordel i alle fag.

– Når vi sit heime med pc-er så er det lettare å vere nær skulen når alt ligg på nettet. Plutseleg detter du innom og er i gang med skule, til dømes så ligg all matteundervisning på nettet. Det er mykje lettare å gjere matten når du har den i hendene dine heile tida, i plassen for å måtte gå og finne fram ei bok, seier Næss.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»