Fortener du statsborgarskapet ditt? Eller bør du flytte straks?

mm

Det finst folk som har lyst på norsk statsborgarskap. Det finst også folk som liker slaps, men dei får vi ta for oss ein annan dag.

Regjeringa har foreslått at det skal bli litt vanskeligare å få norsk statsborgarskap. Mellom anna vil dei kreve at ein må bestå ein test i samfunnskunnskap på norsk.

Ein slik samfunnskunnskapstest har vore tilgjengelig stort sett overalt på nettet dei siste dagane, slik at vi alle har fått sjansen til å finne ut kor norske vi eigentlig er. Eg fekk 98%, viss du lurte.

Denne testen har blitt kritisert frå ulike hald, mellom anna for dårlig språk, og for å ekskludere svake grupper. Som nesten all annan kritikk, er også denne kritikken lite konstruktiv. Eg er kjent for å vere konstruktiv, og for å alltid rekke ut ei hand, spesielt til regjeringa. Så i staden for å vere kritisk, har eg komme opp med ein betre test.

Ver så god. Her er testen du eigentlig burde bestå for å få norsk statsborgarskap:

LES OGSÅ: La han bli! Pliiis!

Kva slags regjering har Norge?

a) Ei mindretalsregjering

b) Ei slags blanding av ei mindretalsregjering og ei fleirtalsregjering

c) Ei litt rar regjering

(Rett svar: Alle svara er like rette)

 

Støttar Venstre og KrF regjeringa?

a) Ja

b) Nei

c) Veit ikkje

(Rett svar: Alle svara er like rette)

LES OGSÅ: Det er di skuld!

Støttar Per Sandberg regjeringa?

a) Ja, på sitt heilt eige vis

b) Nei

c) Veit ikkje

(Rett svar: Alle svara er like rette)
 

Liker du Bjørn Eidsvåg?

a) Ja

b) Nei

c) Veit ikkje

(Rett svar: a.)
 

Korleis stavar den norske kulturministeren namnet sitt?

a) Torhilhd Widwei

b) Thoril Vildenway

c) Veit ikkje

(Rett svar: c)

LES OGSÅ: Dei meiner det sikkert godt. Særlig.

Eit viktig vilkår for eit fungerande demokrati med ytringsfridom, er at ulike personar og grupper i rimelig grad får fremje synspunkta sine offentlig. Nylig fekk mulla Krekar fremje sine synspunkt i eit tretten minutt langt intervju. Sett i forhold til kor mange tilhengarar Krekar har i Norge, og kor mange tilhengarar Erna Solberg har, kor langt måtte eit intervju med Erna Solberg vere om det skulle gjenspegle forholdet mellom tilhengarskarane til Solberg og Krekar?

a) Fjorten dagar

b) Eit halvt år

c) To år

(Rett svar: b. Eg er elles spesielt fornøgd med dette spørsmålet, fordi det testar kunnskapar om demokrati, media og matematikk i eitt.)

 

Jf. spørsmålet over: Kor langt måtte eit intervju med Therese Johaug vere om det skulle gjenspegle forholdet mellom tilhengarskarane til Johaug og Krekar?

a) Ti år

b) Tjue år

c) Så mykje tid finst ikkje.

(Rett svar: c)

LES OGSÅ: Operasjon latterliggjering

Kvifor kallar alle i Norge mulla Krekar for mulla Krekar?

a) Fordi vi trur det er det han heiter

b) Fordi namnet hans er umulig å stave. Verre enn Toridl Widveiv.

c) Fordi vi ikkje gidd å slå opp det eigentlig namnet hans kvar einaste gong vi skal skrive om han. Og det er ofte.

(Rett svar: Alle svara er like rette)

 

Kva skal norske idrettsutøvarar gjere resten av livet etter at dei har lagt opp?

a) Vere med i reality-program

b) Vere programleiarar i reality-program

c) Jobbe med sport på tv

(Rett svar: Alle svara er like rette)
 

Ein av dei norske idrettsutøvarane som har lagt opp og no jobbar med sport på tv, er Thomas Alsgaard, som er programleiar i NRKs VM-studio frå Falun. Når det gjeld Alsgaard: Har han auge, eller har han berre augebryn?

a) Han har berre augebryn

b) Han har begge delar

c) Veit ikkje

(Rett svar: c. Ein kan gjette. Men sikker kan ein faktisk ikkje vere.)

LES OGSÅ: Språkforskarar går imot språktesten til Frp

Liker du ho nye i Nytt på nytt?

a) Ja

b) Nei

c) Veit ikkje

(Rett svar: a)

 

Når gav opposisjonsleiar Jonas Gahr Støre sist uttrykk for ei klar meining?

a) 1987

b) 1969

c) 1993

(Rett svar: Lurespørsmål. Det var i 1962)

Om du har svart rett på ca halvparten av spørsmåla, eller er kritisk til heile testen, kvalifiserer du til norsk statsborgarskap. Gratulerer!

LES OGSÅ: Kompromiss(laus)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE