Are Kalvø har budd på Utsira og i London for å finna ut kva som er best – bygd eller by? Resultatet er ei bok med skråblikk, humoristiske anekdotar og hjartevarme augeblink, meiner meldar Heidi Berakvam.

Heidi Berakvam
Publisert

By eller bygd? Dei fleste tar nok umiddelbart stilling til kva som er best av desse to. By sjølvsagt, vil nokon tenka. Utvilsamt bygd, tenker andre. Så lenge Are Kalvø kan hugsa har dette emnet skapt heit debatt. Men med boka Berre bønder lengtar heim skal han bygga bru mellom bygde- og byfolk og forhåpentleg legga debatten død ein gong for alle.

«Berre bønder lengtar heim»

Forfattar: Are Kalvø

Sjanger: Humor

Målform: Nynorsk

Forlag: Kagge

Sidetal: 303

Utsira vs. London

Og den beste måten å gjera det på er sjølvsagt å bu ein månad i Noregs minste kommune (i folketal); Utsira, og ein månad i ein av Europas største byar; London. Resultatet er nærmast ei sjelereise der me blir kjent med eit varmt og unikt lokalmiljø og får oppleva det frigjerande og til tider absurde storbylivet. Sjølvsagt med mangt eit skråblikk og humoristiske anekdotar frå forfattaren.

Lite er så betent som debatten mellom by og bygd. Are Kalvø har sjølv opplevd at samtalen fort kan surna når temaet kjem på bordet. Når ein fortel at ein bur i storbyen får ein nok ofte kommentaren: «Der kunne eg aldri budd» slengt etter seg. Noko han meiner rett og slett er uforskamma. Tenk å seia slik om staden du bur? Men Kalvø har i litterær journalistisk-stil bestemt seg for å gravlegga stridsøksa. Og kven er vel betre eigna enn ein nynorskskrivande mann frå vestlandskommunen Stranda som er sjølverklært storbyelskar og bur i sjølve storbyen Oslo.

Kalvø og sambuaren lagar eit TOMFF-skjema (Tryggleik, Opplevingar, Meining, Folk og Fridom), der dei vil gi poeng til bygd og by. Før han kan koma med eit endeleg svar må han som sagt prøva ut å bu begge stader. Med ein koffert full av byklede, fordommar og god satire flyttar han først inn på Utsira og møter tappert alle utfordringane det har å by på. Her serverer dei sunt bondevett, fleksibilitet, god gamaldags bytteøkonomi og kort behandlingstid i kommunen.

Eit halvt år etter Utsira bur dei i ein levande bydel i London med mange mikrobryggeri, der folk vasar rundt i gatene midt på dagen i berre pysjen utan å bli lagt merke til. Særleg blir fridommen og opplevingane eit poeng når dei er i London. Kalvø sjølv er ein som likar å vasa i gatelangs midt på dagen, ikkje i pysj vel å merke. Han gjer eit poeng ut av at det er meir frigjerande å vera anonym i ein by. Du kan både forsvinna og delta på dei opplevingane du ønskjer.

Satirisk humor

Men det er når me er på Utsira at boka er best. Kalvø har reist mykje i distrikt-Noreg og gjort seg mange observasjonar og erfaringar gjennom åra som fint blir fletta inn her. Det er kanskje bygde-Noreg som har mest beviselege fordommar mot seg, som gir meir driv. Noko av det første Kalvø får kjenna på kroppen er at ingenting går upåakta hen på ein liten stad. Alle får med seg ein joggetur over øya eller ein svømmetur i kald Nordsjø. «London er dekt av overvakingskamera. Her treng dei ikkje det». I desse partia kjem mykje av den satiriske humoren til syne, og me får bevist og motbevist bygde-stereotypiar.

Engasjementet er gjennomgåande i boka. Ein får lyst å ta del i samtalen Kalvø opnar og ler lett av eigne fordommar mot den eine eller andre leiren. Men dette er kanskje noko av grunnen til at debatten ikkje døyr med denne boka, den stikk nok litt for djupt.

Men forfattaren skal ha for eit heiderleg forsøk. Innimellom alt tullet og ironien får vi òg veldig fine og hjartevarme augeblink. Kalvø ser så godt mellommenneskelege relasjonar, han legg merke til folk og kan finna noko fint å seia om det meste. Og det er kanskje nettopp det denne kalde fronten mellom bygd og by treng er menneske som han, som kan sjå det fine i begge. Og med det greier han å bygga bru.