Kritisk til hemmeleghald om Førdefjorden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Urovekkjande av regjeringa

Saka om sjødeponi i Førdefjorden kan få svært store miljømessige konsekvensar. Difor er det svært urovekkjande at regjeringa vel å halda dette utanfor offentlegheita, seier Lysbakken til Bergens Tidende.

LES OGSÅ: Lysbakken: – Regjeringa har to oljeministrar

Kommunikasjonssjef Jon Berg i Klima- og miljødepartementet grunngjev valet om å halda innstillinga til departementet unna offentlegheit med at det er gjort for «å sikre forsvarlige interne avgjørelsesprosesser».

Saka skal nemleg avgjerast av to ulike departement: Klima- og miljødepartementet skal godkjenna utsleppsløyvet, medan Kommunaldepartementet skal godkjenna reguleringsplanen.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet

Lysbakken reagerer på at ei liknande sak om Repparfjorden i Finnmark blei behandla annleis, og meiner det har stor offentleg interesse om klima- og miljøministeren vel å lytta til råda frå Miljødirektoratet, som har gått sterkt imot deponering av gruveavfall i Førdefjorden. (©NPK)

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet