Det Framstegspartiet meiner er eit rimeleg minstekrav, meiner språkforskarar ved UiO bryt med demokratiske rettar.

Det skriv Uniforum. I eit høyringsfråsegn går fire språkforskarar frå Senter for fleirspråklegheit saman for å visa sterk usemje i Framstegspartiet (Frp) sitt forslag om å gjera krava for statsborgarskap strengare.

LES OGSÅ: Krev at Norge tek imot fleire syrarar

Ekskluderande
– Etter oppfatninga vår er denne koplinga ikkje i samsvar med demokratiske rettar, skriv forskarane Elisabeth Lanza, Anne Golden, Else Ryen og Bente Ailin Svendsen i fråsegna som er sendt til Barne- og likestillingsdepartementet.

Dei meiner forslaget er ekskluderande, og vil gå utover dei som treng norsk statsborgarskap mest, skriv Uniforum. Det er ofte personar som har flykta frå land i krig, eller som ikkje har statsborgarskap, og derfor ikkje har gått på skulen.

For dei blir det vanskeleg å ta ein samfunnsfagprøve på norsk, meiner språkforskarane.

LES OGSÅ: Rasande på lokalavisa – trekkjer ordførarkandidatur

– Eit minstekrav
Forslaget har fått mykje kritikk frå fleire hold, men Frp sin innvandringspolitiske talsmann, Mazyar Keshvari, meiner krava som blir sett er sjølvsagte.

– At ein meistrar den kunnskapen og kan svara på norsk, tykkjer me er eit minstekrav for å bli norsk statsborgar, seier Keshvari til NRK.

På NRK sine nettsider kan du også ta testen sjølv, og sjå om du består testen for å bli norsk statsborgar.

LES OGSÅ: Meir innvandring med Frp

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE