Vil ha færre naudsentralar
Regjeringa vurderer å slå ambulansesentralane på nummer 113 med operasjonssentralane til politiet i samband med den nye politireforma.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha færre naudsentralar
Dei seksten akuttmedisinske kommunikasjonssentralane rundt om i landet – AMK på fagkodespråket – kan bli reduserte til tolv og plasserte saman med politisentralane, heiter det i framlegget til politireform som regjeringa la fram førre veke.
«Dei nye sentralane skal bli klargjort slik at helsevesenet sine AMK-sentralar kan bli plassert på same stad,» står det der.
– Det er eit klart ønske å få det til, stadfestar statssekretær Hans J. Røsjorde (Frp) overfor NRK.
I dag er det helseføretaka som driv 113-sentralane, som regel i tilknyting til eitt av dei større sjukehusa.
LES OGSÅ: Svenske sms-ar reddar liv
Målet er fellessentralar
Om Justisdepartementet får det som dei vil, kan naudnummera for både brann, politi og ambulanse i framtida bli slått saman til fellessentralar i politidistrikta. Da får til dømes Sogn og Fjordane og Hordaland berre éin felles sentral i Bergen for dei tre naudetatane.
Sjølv om stortingsfleirtalet truleg stiller seg bak politireforma når ho kjem opp i Stortinget til våren, kan regjeringa møte meir motstand mot denne «naudetatreforma».
Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn i Vestre seier til NRK at det ikkje er aktuelt å flytte sentralane med det første.
– Eg synest det er overraskande at nokon oppfattar dette som ei tydeleg føring. Når det står at det «kan» gjerast ei samlokalisering, så er det ikkje ei klar føring. Det er ei moglegheit som ligg der, seier Rotevatn.
LES OGSÅ: – Det blir spesielt å sjå det igjen på tv-skjermen
– Det handlar om nærleiken
Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete i Senterpartiet reagerer på at regjeringa med dette kan komme til å kaste bort investeringane i den nye ambulansesentralen ved Førde sentralsjukehus. Nybygget som mellom anna husar sentralen, kosta 166 millionar kroner og stod ferdig i fjor haust.
– Eg synest dei skal vere ærlege. Ikkje berre kastar ein vekk fleire hundre millionar kroner som ein har brukt på investeringar. Det er tenestene til folk og nærleiken til desse tenestene det handlar om, seier Navarsete til NRK.
Høgre-representanten Bjørn Lødemel frå Sogn og Fjordane seier til Firda at han meiner det er for tidleg å konkludere om dette.
– Operasjonssentralen til politiet skal flytte. Det andre er ikkje avklart. Det å klargjere for flytting av AMK er noko heilt anna enn å flytte. AMK-sentralen i Førde har fungert bra, og det høyrest rimeleg ut at han skal liggje der. Men dette er noko vi må sjå på, seier Lødemel. (©NPK)