Rasande på lokalavisa – trekkjer ordførarkandidaturet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frp-ar går etter aviskrangel

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Ove Dahl er med sine nær 3.000 venner på Facebook ein populær kar, og han er ikkje redd for å uttale seg om mangt og mykje. Men etter at han takka ja til FrP sin nominasjonskomite om å stille som partiet sin ordførarkandidat har reaksjonane byrja å komme.

Det er særleg hans haldningar til innvandrarar og innvandring enkelte reagerer på.

«E jo litt merkeligt hvis me idiotene så bur i ditta landet vil ta oss ein tur til utlandet så må me ha papirene i orden! Men kjeme da nåken innpakka i laken så er dei velkommen uten papirer» er eitt av innspela.

Fleire som har svart prøver å gje eit meir nyansert bilete av problemstillinga enn Dahl, men samtidig har 85 personar trykt «Liker»-knappen.

Dahl er òg frustrert over at svenskane har planar om å ta i mot langt fleire innvandrarar i tida framover, og tar til orde for å stengje grensene. Han meiner også at han fritt må få lov til å kalle folk for neger utan at dei skal bli støtt av den grunn, og lurer på kva han heller skulle kalle «da» for.

LES OGSÅ: Ingen kvinner på Frp-lista

Rasande på Bømlo-nytt
Ove Dahl er rasande på lokalavisa som tar opp saka.

Bømlo-nytt ville mellom anna ha svar på om han meinte slike haldningar var forenelig med ordførarvervet. Korleis han trur innvandrarar og asylsøkjarar vil reagera på slike utsegn og om han trudde han ville vera ein samlande ordførarkandidat etter at dette no kjem fram. Korleis flyktningar skal gå fram for å få pass eller utreisepapir frå myndigheitene dei flyktar frå, er òg noko Bømlo-nytt ville ha svar på.

Dahl slo i staden fast at han ville vurdera å trekkja seg dersom lokalavisa tok opp denne saka.

Han meiner han ikkje formelt er nominert som Bømlo FrP sin ordførarkandidat på grunn av at vallista, der han tronar øvst, enno ikkje er levert inn til kommuneadministrasjonen.

Nominasjonsmøtet i Bømlo Frp gjekk av stabelen den 29. januar.

LES OGSÅ: Vil reservere seg mot Sandberg

Trekkjer seg
– Nominasjonslista er ikkje levert inn og det er ingenting i vegen for at eg kan trekkje meg no, men det vil bli vanskeleg å få tak i folk, seier han.

– Så du vil vurdera å trekkje deg dersom Bømlo-nytt skriv om dine innlegg på Facebook?

– Ja, dersom de skriv nokre dritgreier slik som Dagbladet, då er de f…. meg bra raude de òg. Kvifor skal eg vera med dersom det skal bli bråk som dette her kvar einaste gong? Det var ikkje difor eg vart med, seier han.

– Kvifor skriv de aldri om dei andre partia, om andre sider av innvandring? spør han sint.

På spørsmål om han vil kommentera innlegga på Facebook er svaret nei, og innan halvtimen er gått kjem stadfestinga om at Ove Dahl har trekt sitt kandidatur.

LES OGSÅ: Meir innvandring med Frp

– Representerer ikkje berre oss sjølv
Anne T. Johannessen, leiar i nominasjonskomiteen for Bømlo Frp, seier seg lei for at Dahl no trekkjer seg.

– Eg syns det er veldig trist. Men no må me sjå oss om etter andre løysingar, seier ho.

Ho ser ikkje bort frå at Trygve Søvold, som står på andre plass på nominasjonslista kan rykkje opp.

– Det kan vera ei aktuell løysing, men det er for tidleg til å seie noko om det no. Me får ta oss nokre samtalar internt i partiet og sjå kva me kan få til, seier ho.

Anne T. Johannessen ynskjer ikkje å uttale seg om Dahl sine kommentarar på Facebook, men seier på generelt grunnlag at folkevalde må vera varsame når dei uttalar seg i det offentlege rom.

– Så snart du takkar ja til å stille som folkevald er du ein offentleg person, noko eg også har peika på frå talarstolen i kommunestyret. Men det er jo ikkje alle som meiner det same, seier ho.

– Når ein er i politikken representerer ein ikkje berre seg sjølv lenger, men partiet, seier Johannessen.