Vil reservere seg mot Sandberg

Frp-politikar Inge Kolås i Ørsta vil reservere seg mot ytringane til Per Sandberg. Helst vil han ha med heile lokallaget på det same.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Det han seier, er så langt over streken, at eg vil reservere meg mot standpunkta og kommentarane hans, seier Inge Kolås, kommunestyremedlem for Framstegspartiet i Ørsta, til Møre-Nytt.

Han refererer til at Frp-nestleiar Per Sandberg, i eit intervju med NRK i førre veke, sa at Kristeleg Folkeparti «har eit enormt ansvar» for at norske muslimar blir IS-terroristar og at KrF bidreg til massakrar.

Sandberg har seinare bede om orsaking for koplinga mellom KrF og IS-krigarar, og sagt at kommentarane var uakseptable.

LES OGSÅ: Frp-ar trekk seg som ordførarkandidat etter krangel med lokalavisa

Vil ha med heile lokallaget
– Dette er heilt vanvittig og har ingenting med partiprogrammet til Frp å gjere, seier Kolås.

– Vanlegvis reserverer ein seg vel mot standpunkt, ikkje personar og uttalar?

– Ja, eg veit ikkje om dette har vore gjort før. Men eg brukar jo å vere litt kreativ, og då kom ideen om å reservere seg mot han og uttalane han kom med.

Han ønskjer at Ørsta Frp skal behandle søknaden hans om reservasjonsrett, og at han blir innvilga.

– Det er viktig for meg at dei som har tenkt å røyste på meg ved valet til hausten, er klar over kva eg meiner om denne saka. Men eg seier vel indirekte at eg gjerne vil ha med heile Ørsta Frp på reservasjonen.

LES OGSÅ: Iversen: – Utspelet til Sandberg saknar sidestykke i norsk politikk

Ønskjer ny nestleiar
Per Sandberg sitt verv som første nestleiar i partiet står på val ved landsmøtet til Frp i mai, og han tek attval til posisjonen.

– Det er ikkje første gongen Per Sandberg gjer noko slikt, og dette var dråpen som fekk begeret til å renne over for meg. No meiner eg tida er inne for å sjå seg om etter nokon andre i nestleiarposisjonen. Eg er klar over at eg berre er ein skarve kommunepolitikar, men eg ønskjer å påverke, og håper eg kan få snøballen til å rulle her, seier Kolås.

Kolås representerte nettopp KrF i Ørsta kommunestyre på 1990-talet.

– Eg har eit godt forhold til KrF, men det har ikkje noko å seie for kva eg meiner om Sandberg, seier Kolås.

Det er ikkje aktuelt for Kolås å melde seg ut av Frp på grunn av denne saka.

LES OGSÅ: Solberg: Sandberg bryt samarbeidsavtalen

Blir styresak
Leiar Hans Olav Myklebust i Ørsta Frp seier til Møre-Nytt at førespurnaden frå Kolås blir behandla som ei styresak i lokallaget i løpet av mars.

– Dette er ei ny type sak for oss, så det er vanskeleg å føregripe noko om sakshandsaminga, seier Myklebust.

– Kva synest du sjølv om kommentarane til Sandberg?

– Dei er uheldige, men eg registrerer og minner om at både Per Sandberg og partileiar Siv Jensen har beklaga kommentarane.

– Kva synest du om at Kolås vil fjerne Sandberg frå nestleiarposisjonen?

– Det blir opp til landsmøtet å avgjere, seier Myklebust.