Ikkje stryk norsk frå timeplanen

Elevar ved internasjonale privatskular i Noreg kan miste tilgangen til norskopplæring. Det vil bryte med norsk språkpolitikk.

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget er publisert med løyve frå Språkrådet.

Privatskular utan statstilskot kan følge eigne internasjonale læreplanar. Innhaldet i opplæringa desse skulane gir, skal tilsvare den opplæringa elevar i offentlege skular får. I dag kan elevar ved internasjonale skular i Noreg få tilskot til tilleggsundervisning i blant anna norsk.

Men det vil elevane ikkje lenger kunne gjere viss privatskulelova blir endra slik Kunnskapsdepartementet har føreslått. Grunngivinga er at elevar ikkje skal få tilskot til tilleggsundervisning dersom skulen dei går på, har fått fritak frå å drive opplæring i faget. 

LES OGSÅ: Are Kalvø: Det er di skuld!

Mangelfull opplæring
Konsekvensen kan bli ei mangelfull norskopplæring både for norske barn som har delar av oppveksten sin i utlandet, og for elevane ved dei internasjonale skulane her i landet. 

Barn av nordmenn som arbeider i utlandet, går typisk på ein internasjonal skule utanlands. Der kan dei få tilleggsundervisning i norsk, samfunnsfag og RLE. Det vil dei framleis kunne med det Kunnskapsdepartementet har føreslått. Men viss familien vel ein internasjonal skule i Noreg når dei vender attende hit, og denne skulen har fått fritak frå å gi opplæring i norsk, vil ikkje barna lenger kunne få tilskot til slik tilleggsundervisning.

LES OGSÅ: – Me bør vera på vakt for dei som kallar ein spade for ein spade

Språkpolitisk ansvar
Den andre gruppa av barn som vert råka, er dei som har utanlandske foreldre, og går på ein internasjonal skule i Noreg. Dei kan altså miste høvet til å få undervisning i språket i det landet dei oppheld seg i.

Det er spesielt viktig å streke under det ansvaret styresmaktene har for norsk språk, når regjeringa no ønsker at fleire privatskular skal etablere seg i Noreg. Språkrådet tar ikkje stilling til om det skal opnast for fleire privatskular eller ikkje. Men dersom ein samtidig tek bort ordningar som held oppe norsk som kultur- og opplæringsspråk hos ei veksande gruppe elevar, er vi kritiske til dette.

LES OGSÅ: Språkrådet møter regjeringa.no