Haugaland og Sunnhordland politidistrikt vil gje Oddvar Olsen og resten av operasjonsleiarane kurs i nynorsk.

Olav Røli, Bladet Sunnhordland
Olav Røli, Bladet Sunnhordland

Saka var først hos Bladet Sunnhordland

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt fekk i fjor haust kritikk av Norsk Målungdom for manglande bruk av nynorsk på Twitter-meldingane, og organisasjonen klaga dei inn for Språkrådet for brot på mållova.

LES OGSÅ: Krev nynorsk kvitter frå politiet

Ein dag
Etter kritikken har politidistriktet sett i gang eit arbeid, der ein har til hensikt å forbetra nynorskkunnskapane hjå operasjonsleiarane som styrer distriktet sin Twitter-konto.

– Me har mellom anna laga standardmeldingar på nynorsk om trafikkuhell, høg musikk og andre hendingar som skjer relativt ofte. Då kan ein berre fylla inn stad og tid, så er meldinga klar, fortel Bernt Norvalls, leiar for fellesoperativ eining i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

LES MEIR: Stord-politiet skuffa over reforma

No har Språkrådet gjeve politidistriktet tilbod om kurs i nynorsk. Kurset går over ein dag, og skal vera spesielt tilpassa sosiale medium. På kurset går Språkrådet gjennom skrivereglar ein treng for å skriva rett på Twitter. Det kjem fram i eit brev til politidistriktet. Ifølgje brevet har Hordaland politidistrikt bede om eit slikt kurs.

Bernt Norvalls seier dei har tenkt å takka ja til kurstilbodet.

LES OGSÅ: Positive til politireforma

Informasjon
– Me tek sikte på å få gjennomført kurset, kanskje allereie på første operasjonsleiarmøte. Utfordringa er å få det til å klaffa med turnusen, seier Norvalls. 

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har til saman ni operasjonsleiarar, og ingen av dei har nynorsk som hovudmål. Og leiaren er klar på informasjon til media er prioritert framfor nynorsk, når det skjer alvorlege hendingar i distriktet.

– Uansett tek me kritikken på alvor, og me har som sagt allereie starta eit arbeid med å forbetra oss for å ikkje bryta mållova, seier Norvalls.

LES OGSÅ: Nynorsk skriveglede på Twitter

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE