Lærarutdanning skapar trøbbel i Volda
Den femårige lærarutdanninga som kjem i 2017 skapar problem både om Høgskulen i Volda skal stå aleine, og ved eventuelle samanslåingar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Lærarutdanning skapar trøbbel
Artikkelen var først hos Nærnett.
Slik situasjonen er no, er det usikkert om Høgskulen i Volda (HVO) får halde fram som sjølvstendig skule. Noko av grunnen til det, er at den framtidige lærarutdanninga vil skape problem. I 2017 blir den ein femårig master.
Eit av forslaga frå kunnskapsdepartementet er å slå saman Høgskulen
i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), så dei kan tilby lærarutdanninga saman. Høgskulen i Volda meiner dei har nok fagkompetanse til å kunne tilby utdanninga åleine, men har problem med å få nok studentar til å søkje.
Her er eit kart over moglege samanslåingar for Høgskulen i Volda, med førebels status:
LES OGSÅ: Vil stå åleine – kan bli tvangsfusjon
Usamd om fagkompetansen
– Me må få større rekruttering av studentar dersom me skal kunne tilby masterutdanning for lærarar her i Volda. Dette er eit problem som ikkje berre gjeld her, men over heile landet. Statusen og løna til lærarar må opp, slik at fleire vil velje yrket, fortel rektor ved Høgskulen i Volda, Per Halse.
Han legg og til at det er vanskelig å spå korleis lærarutdanninga vil sjå ut om to år, då Røe Isaksen har heldt relativt stille om kva spesifikke endringar dette vil medføre.
Statssekretær i kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad, meiner at det vil vere vanskelig for dagens HVO å oppfylle dei nye kriteriene som lærarutdanninga kjem med, og at samanslåing er ei god løysing.
– For å oppfylle kriteriene til den nye femårige lærarutdanninga med mastergrad i to av dei sentrale skulefaga, må HVO og HiSF inngå i en større institusjon. Regjeringa vil og setje krav til talet på tilsette med doktorgrad eller tilsvarande utdanning, seier Haugstad.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at mange høgskular i Noreg er for små, har for dårleg kvalitet, og har ikkje nok kompetanse til å fokusere på forsking og publikasjonar. Dei skal og bli billigare i drift.
Samanslåing skal og hjelpe fleire skular med å tilby den 5-årige lærarutdanninga når den kjem i 2017.
Høgskulen i Sogn og Fjordane vil berre slå seg saman med Volda dersom dei får med seg Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen i Bergen (HiB) til ein stor institusjon på Vestlandet. UiB har sagt nei til forslaget om fusjon, men regjeringa ber dei vurdere saka på nytt.
Medan Volda er interessert i ein fusjon med Sogn og Fjordane, er dei negative til UiB og HiB då dei er to store institusjonar. Påtroppande rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, meiner at skulen skal greie å halde fram med lærarutdanninga sjølv.
– I Sogn og Fjordane jobbar me mot å kunne tilby den femårige lærarutdanninga som ein sjølvstendig institusjon, seier Stokke. Han meiner at lærarutdanninga ikkje er eit avgjerande moment for samanslåing, og ein kan styrke det fagfeltet gjennom avtalar.
LES OGSÅ: Ønskjer lovendring for «Nye NTNU»
Forskjellige retningar
Rektor ved HVO, Per Halse, seier at i Volda har det vore stor skepsis til å legge seg under nye, store institusjonar i Bergen eller Trondheim.
– Me er opptekne av å halde på eige styring av forsking og høgare utdanning her på Nord-Vestlandet. Dermed er dei mest aktuelle fusjonspartane Høgskulen i Sogn og Fjordane, Molde og Lillehammer, konstaterer Halse.
Haldningane hjå desse andre høgskulane er sprikande, og derfor er han usikker på kva som vert resultatet til slutt.
Påtroppande rektor og styremedlem i Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke er klar på at skulen ynskjer å stå åleine, og at ein fusjon med skulane i Bergen og Volda er plan B, dersom regjeringa seier nei til sjølvstende.
– Me meiner at HiSF og HVO er robuste institusjonar, med store fagmiljø og gode utdanningar. Tilbakemeldingane me får gjev ikkje noko grunnlag for samanslåing, seier Stokke.
HVO har den siste tida vore i samtale med Høgskulen i Lillehammer (HiL) og Høgskulen i Molde (HiMolde) om eit mogleg samarbeid. 19. februar skal rektorane ved dei tre skulane møtast. Dette er skular med liknande bygde-og distriktstradisjon, men verken HiL eller HiMolde har lærarutdanning.
– Møtet med Lillehammer og Molde er veldig uforpliktande, og situasjonen er framleis open, understreker Halse.
LES OGSÅ: Vil ha nynorsktiltak i lærarutdanninga
Faktaboks
Kvifor er dette sett i gang?
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner at mange høgskular i Noreg er for små, har for dårleg kvalitet, og har ikkje nok kompetanse til å fokusere på forsking og publikasjonar. Dei skal og bli billigare i drift.
Samanslåing skal og hjelpe fleire skular med å tilby den 5-årige lærarutdanninga når den kjem i 2017.
Kva har blitt gjort?
I juni bad kunnskapsministeren alle statlege utdanningsinstitusjonar om å finne ut kor dei ser seg sjølv i 2020. Han vil at fusjonane skal skje frivillig, men kan ty til tvang om nødvendig. 1. februar var fristen for innspel frå høgskulane, men nokon diskuterer framleis.
I påsken skal Røe Isaksen legge fram stortingsmelding som syner det nye Høgskule- og Universitets-Norge.