7000 underskrifter mot våpeneksport

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå «Erna» i dans med diktator

Onsdag avslutta Changemaker kampanjen «Skal vi stanse?» som vart starta opp i sommar i protest mot norsk våpeneksport. Framfor Stortinget vart eit danseshow satt opp der ein fiktiv Erna Solberg dansa med ein fiktiv diktator, og 7000 underskrifter vart levert til Anniken Huitfeldt (Ap), leiar for Stortinget sin utanriks- og forsvarskomité.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Støtte frå ungdomspartia
Sjølve dansinga var eit stunt og eit ordspel, men poenget var at juryen skulle gi 0 poeng til norsk våpeneksport. I juryen sat representantar frå ungdomspartia, alt frå Framstegspartiets Ungdom (FpU) til Grøn Ungdom.

– Her handlar det heilt enkelt om menneskjer sine liv og det å følgja menneskjerettane, sa 1. nestformann i FpU, Bjørn-Kristian Svensrud, ifølgje ei pressemelding frå Changemaker.

– Eg trur me har meir å tena på å stoppa enn å halda fram, sa internasjonal leiar i Unge Venstre, Kjersti Breivik Møller, ifølgje same pressemelding.

LES OGSÅ: Våpeninstruksen for politiet blir endra

Hol i regelverket
Ifølgje einrapport levert av Changemaker i fjor haust vart det eksportert norske våpen til ein verdi av 1,5 milliardar kroner til autoritære regimer mellom 2002 og 2012. Det passar ikkje med intensjonane for eksporten, meiner leiar i Changemaker, Hanne Sofie Lindahl.

– No har Stortinget moglegheit til å retta opp i eit hol i regelverket som burde vore tetta for lenge sidan. At alle ungdompartia står samla bak krava er overbevisande i seg sjølv, seier ho.

Sidan kampanjen vart starta i juni i år, har Changemaker samla inn 7000 underskrifter.

LES OGSÅ: Forsvarte regjeringa med nødrim

Stor openheit
Målet med kampanjen var å stoppa all norsk våpeneksport til autoritære regimer, samt meir openheit rundt kva land som får kjøpa våpen og ikkje.

Statssekretær i Utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen (H), meinte det allereie var mykje openheit rundt eksporten i sommar då kampanjen starta.

 Dette meiner eg er viktig og riktig. Det vert årleg sendt ei detaljert melding til Stortinget, som gir informasjon om kva slags militære varer som har blitt eksportert, kva land det vart eksportert til, og verdien av eksporten. Meldinga inneheld også informasjon om søknadar som er blitt avslått, sa Glad Pedersen den gong.

Han forklarar og hovudregelen for eksporten.

– Det har vore, og er, brei semje i Stortinget om det strenge norske regelverket, og hovudregelen er at vi ikkje tillèt eksport til land der det er krig eller borgarkrig, eller der krig trugar. Reglane for eksport er tydelege på at det ikkje skal verte eksportert forsvarsmateriell som kan verte nytta til intern undertrykking i mottakarland, der det kan vere risiko for det

LES OGSÅ: Pensjonen min skal ikkje hjelpe diktatorar!