Med eit enkelt verktøy kan du sjå om du bør angra på studievalet ditt.

Noko av det viktigaste for valet av utdanning er jobbutsiktene. No har Senter for IKT i utdanninga laga eit enkelt verktøy på nett der du kan du sjekka utsikten no, om fem år og ti år fram i tid.

Her kan du sjå på tala – og finna ut om yrket ditt eller yrket du vurderer er høgt på lista.

LES OGSÅ: Regjeringa vil ha fleire lærlingar

Heilt øvst på lista finn du elektrofag, mekaniske fag og maskinfag. Verktøyet viser svært gode jobbsjansar både no, om fem år og ti år fram i tid – med andre ord vil talet på jobbar auka meir enn talet på utdanna i åra som kjem.

Verre ser det ut for dei som tek praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag. Ifølgje utrekninga vil det vera 17 000 jobbar innanfor feltet i 2025, og 20 000 personar med utdanninga.

Det er med andre ord ikkje vegen å gå, om du skal søka om høgare utdanning no.

LES OGSÅ: Den fødde leiar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE