Har du sett #nynov dukka opp i Twitter-straumen din? No prøver mange seg igjen på nynorske noveller.

– Dette er rein folkevilje, noko Twitter har starta opp sjølv, seier Per Roger Sandvik, som ledar redaksjonen bak dei nynorske novellene. Sjølv om det ikkje er ein like offisiell redaksjon no som det var i 2013, då #nynov først dukka opp på Twitter.

Den gongen var det for å markera Språkåret 2013. Deichmanske bibliotek var med, ein offisiell jury vart skipa – og det var ein offisiell konkurranse å vinna. No, sidan 1. februar, handlar det berre om skriveglede.

LES OGSÅ: Nynorsk i 140

Spreier seg fort
Då #nynov dukka opp i 2013 hadde dei fleire i ryggen – til og med pengar frå Fritt Ord som enda med at alle dei nominerte novellene vart lest opp i Deichmanske bibliotek sin «lyriske elevator».

– Det vart eit vakuum etter 2013. Folk etterlyste meir, men me måtte sei at prosjektet var over. Men så, etter meir trykk etter nyttår, tenkte me at me kunne halda fram med å bruka emneknaggen, og lata den leva sitt eige liv, som ein plass for å samla historiane, fortel Sandvik.

Ifølgje nettsida hashtag.no, som gir ei oversikt over kor mykje ulike emneknaggar blir brukt på Twitter, har 170 brukarar komme med nær 700 mikronoveller sidan #nynov vart gjenoppliva.

Sandvik, eller @sveveper som han heiter på Twitter, understrekar at noko av dette er promotering og forsøk på å få merksemd rundt prosjektet – men det absolutte fleirtalet er små dikt og noveller, som så blir diskutert og lever vidare.

LES OGSÅ: Forsvarte regjeringa med nødrim

Lause former
Siste dråpen i glaset før #nynov dukka opp igjen, var denne twitter-meldinga, frå @SynnevaErland.

Det førte til litt uformelle e-postar, og etter kvart ein redaksjon, sett saman av Per Roger Sandvik, Synneva Erland, Arnfinn Ski og Rita Mundal (leiar ved Lom folkebibliotek). Dei rekrutterte, spreidde ordet, og valde eit tema for den første månaden, så lot dei emneknaggen leva nesten på eiga hand. 

Det første temaet? Arm. Det kan tolkast laust.

– Nokre held seg strengt til emneordet, men alle tydingar av ordet er like gode. Alt mogleg kjem inn, det blir ein del smårim. Folk prøver å laga småhistoriar, eller let «arm» vera ein del av andre ord, til dømes vindaugskarm. Nokre noveller bli veldig enkle utbrot, til dømes «eg har mista armen min», forklarar Sandvik.

Då #nynov var ein offisiell konkurranse i 2013, var reglane strengare. No er det ingen strenge reglar – Twitter er ein skriveverkstad for alle. Det trur Sandvik er noko av nøkkelen til at #nynov har blitt så populært som det har blitt den siste tida.

– Skrivekløen er til stades, folk vil uttrykka seg. Folk skriver alt mogleg no, det må dei få lov til. Og folk vil utvikla seg, me ser at mange går inn og rettar sine eigne tekstar, og så legg det ut på nytt. Folk kommenterer og jobbar saman. Fellesskapet er viktig, seier Sandvik.

LES OGSÅ: Sosiale media skremmer foreldra

Nynorsk – kult på Twitter?
Medan nynorsk er spynorsk i andre deler av verda, kan det sjå ut til at nynorsken ikkje held #nynov nede på Twitter.

– Nynorsk er eit godt, poetisk språk som klinger godt. Eg trur nynorsk kan vera kult på Twitter. Her er verktøyet for å skriva viktigare enn at det er spynorsk.

LES OGSÅ: Nynorskelevar skiftar til bokmål på nett

Når bokmålsfolk skriv nynorsk
– No er det stor oppslutnad, kanskje større enn sist, fortel Sandvik, som er godt nøgd med responsen.

– Det mest interessante er at bokmålsfolk vil skriva nynorsk, det er spanande i seg sjølv. Noko anna er at profilerte personar kastar seg med, som til dømes Stein Kåre Kristiansen i TV2. Det er flott når ein profilert bokmålsmann er med i ein nynorsk-konkurranse.

Sandvik trekk og fram poeten Helge Torvund, med over 13.000 følgjarar, som er ein aktiv deltakar i #nynov. Det trur Sandvik har mykje å seia på responsen.

– Eg trur effekten er stor, for folk vil skriva, bli sett og utfordra av andre. Dei vil bli sett av mange, seier Sandvik.

LES OGSÅ: Ho vann P2-lyttarane sin språkpris

Spissar overraskinga
På Twitter, med sine 140 teikn, kan det verka vanskeleg å formulera ei god, innhaldsrik novelle. Spesielt når sju av teikna går med til #nynov, så du sit att med 134 teikn til bruk.

– Den som klarar å skriva ei kort historia og komprimera den ordentleg, mistar ingenting. Eg trur faktisk det korte formatet tilfører noko, og spissar overraskinga. Det blir så komprimert at ein får meir spenning, forklarar Sandvik.

Det vanlege novelleomgrepet blir noko utvida på Twitter, til å inkludera små dikt og rim, eller utbrot frå kvardagen. Frode Grytten gjorde forma kjend, då han starta i 2011 med sine twitternoveller. Dette var den første av dei:

Grunna for mykje underkjølt regn over ein lengre periode har norsk mann (57) no valt å avslutte sitt engasjement på denne kloden.

 

Twitternovellene hans kom seinare ut i bokform, i fjor haust.

LES OGSÅ: Vilt og uendeleg interessant

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE