Læraren Jan Petter syklar verda rundt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Læraren syklar verda rundt

Jan Petter Simonnes har alltid likt å reise, og har brukt mange sommarferiar på sykkelsetet. No har han teke permisjon frå lærarjobben, og lagt ut på si lengste reise med sykkel som framkomstmiddel.

– Tanken om å reise med sykkel vart nok sådd då eg reiste som backpackar for ein 14–15 år sidan. Sjølv om dette var kjekt nok, tenkte eg det ville vere endå meir givande å kunne stoppe og slå leir der eg sjølv ville, i staden for å verte skyssa frå stad til stad. Byar og små stader er kjekt nok, men set endå meir pris på strekket i mellom og naturopplevingane der. Med sykkel er ein i stand til å frakte med seg det meste ein treng, seier Simonnes.

For rundt 12 år sidan investerte Simonnes i sykkel til turen som han no har lagt ut på.

 – Eg har brukt nokre sommarferiar i Noreg og utlandet på denne reiseforma. Fekk bestilt meg ein heimesnikra sykkel til formålet frå ein kar i Bend, Oregon. Reiste over dammen, plukka den opp og gjorde min første «tour» austover i Oregon. Det gav meirsmak.

11. juli i fjor sat han seg på sykkelsetet i Ørsta. Turen gjekk via Rallarvegen over Hardangervidda til Langesund der han tok ferje til Skagen.

– Frå Danmark og sørover gjennom Tyskland, Nederland og Belgia og eit stykke inn i Frankrike har eg stort sett følgt Nordsjøruta, ei av verdas lengste samanhengande merka sykkelruter. Heldt meg stort sett langs kysten vidare sørover i Frankrike og inn i Spania. Sykla så langt som til Gijon i Spania, før eg vende nasen meir sørover og inn i Portugal.

LES OGSÅ: Har sykla 5.000 kilometer langs jernteppet

Til Argentina
Simonnes hadde ein laus plan om å nå Marokko før vinteren kom, men heldt mulegheitene opne. Den spesialinnkjøpte sykkelen fungerte ikkje heilt som planlagt. Draumesykkelen som hadde sikla etter vart bestilt, og det vart avtalt å hente den i Bridgewater i England. Han nytta tida til å utforske Portugal og Spania meir før han tok båt frå Santander til Portsmouth.

– I staden for å byrje på Europa når vinteren nærma seg, bestemte eg meg for å reise ein stad det var sommar. Sør-Amerika låg og lokka i bakhovudet. Eg hadde vel og tenkt på Europa som ein mjuk start før eg prøvde meg på noko meir utfordrande.

Etter nokre hektiske døgn med mange praktiske og logistiske utfordringar, stod han på flyplassen i Ushuaia, på Eldlandet i Argentina.

– Pr i dag har eg kome til Coiaqhue i Chile. Eg har kryssa grensa mellom Chile og Argentina nokre gonger. Har vore innom stader som Rio Grande, Punta Arenas, Puerto Natales, inn i Torres del Paine-nasjonalparken, El Calafate, El Chalten som ligg ved foten av det majestetiske Mt. Fitzroy. Vidare har eg med ein kombinasjon av båt, sykling, skubbing og løfting forsert eit flott strekk frå El Chalten via Lago Del Sierto til Villa O Higgins. Her byrjar Carratera Austral, eit langt vegstrekke i Chile, svært populært blant sykkelturistar.

Tidvis er det svært dårleg grus med vaskebrett og laus pukk, i tillegg fleire bratte kneiker med over 20 prosent helling som tvingar fram mjølkesyra i låra.

– Den fantastiske naturen veg likevel opp for dette. Flott variert natur som tidvis kan vere svært så lik vestlandsnaturen heime.

LES OGSÅ: – Fleire turistar vil til distrikta

Tøff utfordring
No er det Patagonia som ventar Simonnes, og i sykkelkretsar er området både kjent og frykta som noko av det meir krevjande å legge ut på. I alle fall frå sør til nord.

– Vinden kjem frå nordvest og tek sjeldan fri. Tidvis er han ekstrem. Når det då kan vere opp til 30 mil mellom butikkar, i tillegg til avgrensa tilgang på vatn, bør ein vite kva ein legg ut på. Eg meinte no at eg hadde hatt litt motvind på veg sørover i Europa, men har justert skalaen min etter å ha sykla her. Har opplevd å verte slengt ut i grøfta av vinden.

– Vert det mange timar på sykkelsetet kvar dag?

– Det vert vel eit snitt på ein ca 5–6 effektive sykkeltimar utanom innlagde pausar. Distanse vil variere alt etter vindretning og topografi. Av og til lyt ein trø til ekstra for å nå fram til ei trygg hamn. Har vel gjort opp i 18 mil på det meste.

På vegen har Simonnes møtt mange andre sykkelreisande, og det er ikkje problem å kome i kontakt med folk.

– Å kome i kontakt er ikkje vanskeleg. Mange er nysgjerrige og oppsøkjer deg med spørsmål om de eine og det andre, ofte er det greitt å spørje lokale folk om vegval, campingmulegheiter, vatn og andre praktiske ting. Sykla ein periode i Spania i lag med to karar, Holger og Norbert, frå Freiburg i Tyskland. I skrivande stund har eg reist om lag tre veker med Iaian frå Watford. Reknar med vi kjem til følgjast ei stund vidare. Planen hans er å sykle til Pruedhoe bay, Alaska.

Nettene vert for det mest brukt i telt, og i byar vert det hostel eller camping.

– Elles har eg søkt ly forletne hus, refugios, brakker, på venterom hjå politi ved grensedstasjonar, busskur, under bruer. I Patagonia fann eg ut at dreneringsrøyr under vegen funka godt om dei stod vinkelrett mot vinden. Heldigvis unngjekk eg regn.

LES OGSÅ: Welcome to Norway – land of confusion

Eitt år i gongen
Simonnes har eit års permisjon frå jobben som lærar ved Ørsta ungdomsskule. Turen kan verte lenger om kropp og motivasjon held seg oppe.

– Tenkjer eg vert på tur så lenge eg tykkjer det er givande, heimlengten ikkje vert for stor og det framleis er pengar i reisekassa. Tenkjer eg tek eitt år i gongen. Og det vert minst eitt år til i alle fall. Satsar på å kome meg til Nord Amerika etter kvart.

LES OGSÅ: Syria – ei turistperle?

LES SAKA I MØRE-NYTT!