Gir bort 400 gratis interrailbillettar til norske 18-åringar

Målet er å fremje kulturutveksling i Europa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

EU gir bort 400 gratis togbillettar til ungdommar i Noreg som blir 18 år i 2023. Formålet er kulturutveksling på tvers av landegrensene, og søknadsfristen er 18. oktober.

– Å reise med tog er ein fantastisk måte å oppleve andre kulturar på. På interrail kan du få nye venner og styrkje band til venner du har frå før dersom de søkjer saman som gruppe. Denne ordninga med gratis reise for unge kjem nok ekstra godt med no i dyrtida, seier Anne M. Solbu Kleiven, divisjonsdirektør i Bufdir, i ei pressemelding.

Billettkonkurransen «DiscoverEU» er ein del av EU-programmet Erasmus+. Programmet har ein eigen ungdomsdel, som i Noreg blir administrert av Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir).

I undersøkingar Europakommisjonen gjorde blant ungdommane som reiste i dei første prøverundane for prosjektet, svarte mellom 70–80 prosent at dei vart meir opne for eit multikulturelt Europa, meir tolerante for verdiane og åtferda til andre og meir interesserte i kva som skjer i Europa.

Då konkurransen vart halden for første gong i 2018, melde 100.000 ungdommar seg på for å vinne dei 15.000 billettane. Frå og med 2022 vart ordninga ein del av Erasmus+-programmet, der Noreg er med som medlemsland.