Welcome to Norway – land of confusion

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Welcome to Norway

Av og til tenker eg at det må vere spesielt forvirrande å vere utanlandsk turist i norske byar om sommaren. Ikkje av dei grunnane eg nettopp nemnde. Men fordi norske byar rett og slett er såpass små at du merkar det veldig godt dersom byen ein dag får besøk av omtrent tjue tusen likesinna.

Som turist er du mest opptatt av attraksjonane, så du får ikkje nødvendigvis med deg om det skjer noko stort i byen du besøker. Ein konsert, for eksempel.

Vi som bur her får det med oss. For det skjer såpass lite i Norge om sommaren, at det blir grundig dekka når vi først får besøk av nokon som er både frå utlandet og populær. Då står vaksne folk med journalistutdanning utanfor konsertarenaen og blir filma medan dei snakkar alvorlig med andre vaksne folk med journalistutdanning om kva vi eigentlig skal meine om at Miley Cyrus har gått frå å vere barnestjerne til å ta av seg alle kleda og sette seg på ei kule. Og så snakkar journalisten litt med fansen, jenter som hyler. To dagar tidligare stod dei same vaksne folka med journalistutdanning på den same plassen og snakka om kva det er som gjer at The Rolling Stones framleis er på topp sjølv om dei er tusen år gamle. Og så snakka journalisten litt med fansen, eldre overbetalte menn utan hår som gjerne bruker uttrykk som «tight» når dei først slepp til i media.

Men dette får jo ikkje turistane med seg. Dei har anna å gjere enn å sjå Dagsrevyen og sjekke norske nettaviser.

Det må ha vore veldig forvirrande å komme til Oslo som turist denne veka. Viss du for eksempel gjekk ein tur i Oslo sentrum på måndag, då Rolling Stones hadde konsert, då må du jo ha fått inntrykk av at Oslos befolkning i stor grad er sett saman av seksti år gamle offentlig tilsette med tynt grått hår, mage og gamle t-skjorter. Turistar ringde nok heim denne dagen og fortalde dei sjukaste historier om korleis det eigentlig er i Norge. Turistar som kom besøkte Oslo eit par dagar seinare, då Miley Cyrus var i byen, fekk derimot inntrykk av at folk i Oslo er veldig unge. Og ganske ivrige.

Det må vere veldig forvirrande.

Eg var ein gong i Bergen. Eg er ofte i Bergen, det er ikkje det. Men akkurat denne dagen var det konsert i byen, med det ikkje heilt image-bevisstlause orkesteret Kiss. Eg satt på ein uterestaurant. Ved alle dei andre borda satt det utanlandske turistar. Så kom ein kjernefamilie spaserande forbi. Mor, far og to barn. Alle med måling i ansiktet. Eit par av turistane såg lett forfjamsa ut. Så kom eit eldre par hand i hand, begge med måling i ansiktet. Så kom ein vennegjeng på rundt tretti. Dei diskuterte eit eller anna aktuelt politisk tema i stort alvor. Og hadde måling i ansiktet. Det kom fleire. I alle aldrar. Med oppsiktsvekkande antrekk. Og måling i ansiktet. Lenge hadde alle som gjekk forbi restauranten måling i ansiktet. Turistane såg spørjande på kvarandre. Nokre av dei tok bilde, men la kjapt kameraet vekk etterpå, som om dei hadde gjort noko ulovlig. Nokon kika i guidebøkene sine, sikkert for å sjekke om dei hadde bladd forbi den sida der det stod at på Vestlandet er det påbode med måling i ansiktet etter klokka fire på ettermiddagen.

Okei, då. Dei fleste av turistane kjende nok igjen ansiktssminken og var smarte nok til å gjette at Kiss var i byen. Men ikkje med ein gong. Og det er desse første minutta som er fine. Før turistane forstår kva som skjer. For då prøver dei å forstå. Og tyr gjerne til eksotiske forklaringar. Og det er det eg liker med turistar. Dei har ein enorm vilje til å tolke velvillig det dei ser. Dei er gjester. Dei er på besøk. Dei vil forstå. Derfor, i minutta før dei skjønnar at det er Kiss-konsert eller Stones-konsert, då blar dei i bøker, ser på kvarandre og tenker:

Kanskje er det slik i dette landet, at alle målar seg i ansiktet ein gong i veka? Kanskje er det ein gammal skikk? Og kanskje er det slik i dette landet at alle sekstiåringar har fri frå jobben på måndagar, og då går dei rundt i byen og viser fram dei gamle t-skjortene sine?


Først publisert i Aftenposten 31. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!