Derfor er du alltid seint ute

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du seint ute?

Science Alert skriv om kvifor nokre menneske aldri klarar å vera tidsnok.

– Det finst alle moglege konsekvensar og straffar for å vera sein, og paradokset er at me er seine sjølv om dei finst, seier Justin Kruger, sosialpsykolog ved New York University's Business School, i eit intervju med Wall Street Journal.

Han forklarar at det å vera konstant sein, er eit trekk ved personlegheita di – enkelt forklart er dei som ofte er seint ute dårlegare til å berekna kor mykje tid ulike gjeremål tek. Ekspertar seier òg, ifølgje Wall Street Journal, at dette er eit av dei personlegheitstrekka som er vanskelegast å gjera noko med.

LES OGSÅ: I år blir sommaren litt lengre

Samstundes er dei som somlar meir tilbøygelege til å gjera fleire oppgåver på ein gong – multitasking – og slik sett risikera å bli endå seinare enn dei allereie var. Det kom fram i ei studie frå San Diego State University i 2003.

LES OGSÅ: Matematikar: Derfor er alle hipsterar like