PST varslar ikkje om farlege Syria-krigarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Varslar ikkje om farlege krigarar

– Dersom ein person som PST er tungt inne i, returnerer, er det basert på høgt gradert informasjon som vi ikkje kan formidle til kommunen. I dei tilfella er det vår verkemiddelpakke som slår inn, seier PST-sjef Benedicte Bjørnland ifølgje Aftenposten.

LES OGSÅ: PST følgjer fleire personar frå Vestlandet

Kommunetoppar reagerte
På eit politisk toppmøte om valdeleg ekstremisme hos kommunanes interesseorganisasjon KS måndag, understreka ho at tryggingstenesta kan varsle dersom det er snakk om Syria-krigarar PST ikkje er uroa over.

– Dersom vedkommande ikkje har intensjon og kapasitet til å gjennomføre ei valdshandling, sit ein eigentleg att med ein krigsveteran. Der vil vi kunne avgradere informasjon og varslar kommunen via politiet, fordi vi tenkjer at det kan vere andre instansar som bør følgje opp personen, sa Bjørnland på konferansen.

Fleire kommunetoppar reagerte på utgreiinga til PST-sjefen og ville blant anna vite om personane kommunane ikkje får informasjon om, blir sett i varetekt. Det avkrefta Bjørnland.

LES OGSÅ: PST vil bli meir aktive på Facebook

Mottaksapparat
Ifølgje PST finst det eit organisert mottaksapparat i både Syria og Irak, der nordmenn hjelper nye norske framandkrigarar inn i den islamistiske opprørsgruppa.

Ifølgje Bjørnland har PST grunn til å tru at dette mottaksapparatet er ganske straumlinjeforma, skriv VG.

Onsdag legg PST fram sin graderte trusselvurdering for 2015. Ifølgje dei siste trusselvurderingane er det framleis ekstrem islamisme som utgjer den største terrortrusselen mot Noreg.

– No har vi etablerte miljø på bakken i Syria og Irak, med nordmenn som viser veg og veit kven dei skal kontakte, slår Bjørnland fast.

LES OGSÅ: Ber imamar ta avstand

Etterlyser hjelp
På konferansen måndag etterlyste kommunane meir statleg hjelp til å overvinne radikalisering, men verken statsminister Erna Solberg (H) eller justisminister Anders Anundsen (Frp), som begge var til stades, ville love meir pengar.

Medan Anundsen meinte at det ikkje er rett at norske kommunar i liten grad har klart å følgje opp handlingsplanen til regjeringa mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, som kom i juni i fjor, sa Bjørnland til NTB at dette er ei sanning med modifikasjonar.

– Vi ser eksempel på godt lokalt førebyggjande arbeid, men framleis står det att ein del. Det skortar både på fenomenforståing, og at ein kavar litt med kva ein skal gjere, påpeikte PST-sjefen.

– Eg trur også ein del kommunar tenkjer at dette her er eigentleg ikkje noko problem i vår kommune. Det er då vi prøver å seie at dei heller bør vere litt føre var, for vi ser at det skjer over heile landet, sa Bjørnland.

LES OGSÅ: PST slår alarm om riskostudentar

Utanforskap
Ho meiner det viktigaste kommunane kan gjere, er å sørgje for eit godt og breitt primærførebyggjande arbeid, og peikar på at det er ei overvekt av marginaliserte ungdommar blant dei som blir radikalisert.

Også justisminister Anders Anundsen og statsminister Erna Solberg la stor vekt på kampen mot utanforskap i sine innlegg.

Rundt 70 personar har reist frå Noreg til Syria for å delta i krigføringa, ifølgje dei siste tala frå PST. Totalt er 13 nordmenn meldt drepne i kampane. Minst 20 personar har returnert til Noreg. (©NPK)