PST-aksjon mot barn: Skal ha hylla terroristar på nett
Politiet aksjonerte mot 15 til 20 personar.

PST aksjonerte torsdag mot eit nettverk beståande av unge høgreekstreme, som mellom anna skal ha oppmoda til terror og drap på homofile.
Nettverket består av ungdom ned i 12-års alder og unge vaksne i midten av 20-åra, melder NRK.
Torsdag aksjonerte dei mot mellom 15 til 20 personar, hovudsakleg ungdommar mellom 12 og 17 år.
– Dei deler også videoar av utført terror. Dei hyllar Anders Behring Breivik og Brenton Tarrant, som drap over 50 personar i ein moské i Christchurch. Det er tidvis ganske grovt, seier Bjørn-Willy Wold, leiar for seksjon for kontraterror i PST.
Foruma der det høgreekstreme innhaldet blir delt har ingen nasjonale grenser. Det er ideologien som er felles, seier Wold.