PST: Barn ned i 12-13-årsalderen har planlagt terror i Noreg

Barn ned i 12-13-årsalderen har planlagt terror i Noreg, opplyser fungerande direktør Linn Havnelid i kontraterroravdelinga til PST til Dagbladet.

NPK-NTB
Publisert

– Den yngste me har avslørt, var ein norsk gut på 12 år med høgreekstremistisk tankegods, seier Havnelid til avisa.

PST har dei siste par åra avdekt at fleire enn 10 gutar i alderen frå 12 til 15 år har planlagt høgreekstremistisk terrorangrep i Noreg.

Havnelid påpeikar at radikalisering og høgreekstremisme ikkje er eit byfenomen.

– Etter at internett vart ein del av kvardagen til folk, ser me at unge menneske blir radikaliserte via nettet. Og det skjer like gjerne i avsidesliggande strok som i byområde, seier Havnelid.

Ho vil ikkje gå ut med detaljar om gutane og kva PST har hindra.