– Finst ikkje fagleg hald

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei har unngått å seie noko om det faglege og pedagogiske, som på eit sett er ei anerkjenning av at det ikkje finst fagleg hald for å seia at storleiken på skulen har noko å seia for kvaliteten, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø.

LES OGSÅ: Den stille skulereforma

Fryktar for nynorsk i distrikta
Noregs Mållag er blant dei som er sterkt kritiske til departementet sitt forslag til ny privatskulelov, eller friskulelov, som det kan bli heitande i framtida.

Det Mållaget reagerer på er at minimumsgrensa for elevtal på privatskular skal hevast frå 15 til 30 elevar. Det vil seie at om ein privatskule har færre enn 30 elevar over tre år, skal han leggjast ned.

Unntaket for skular som tilbyr opplæring i små verneverdige fag og skular tilpassa ei gruppe med ei funksjonshemming skal framleis gjelde.

Mållaget fryktar at ei slik endring i privatskulelova vil gå ut over små nynorskskular i distrikta, og at kommunane kan verte meir sentraliseringsviljuge når dei ikkje lenger risikerer at foreldra startar ein privat Montessori-skule.

LES OGSÅ: Vil lage den beste skulen i landet

«Noen vil hevde…»
Noregs Mållag meiner grunngjevinga for forslaget er vagt.

høyringsnotatet skriv Kunnskapsdepartementet skriv mellom anna at: «Noen vil hevdeat god skolevirksomhet forutsetter et visst minimum av læringsfellesskap, (…)Det hevdes også av noen at statens administrative ressurser blir bedre utnyttet medet visst elevtall».

Når Framtida.no spør Kunnskapsdepartementet kven nokon er, svarar dei mellom anna følgjande i ein epost:

«…begrepet ”noen” er brukt for å synliggjøre de mest vanlige argumentene for nødvendigheten av et visst elevtall».

– Eg tykkjer dette er ei tilsniking, men det er ein kjent måte å argumentera på i slike saker rundt om i distrikts-Noreg, seier Aakre Tennø, som er skeptisk til forslaget fordi ho fryktar det kan auke takta i ein sentraliseringsprosess som trugar nynorsken.

LES OGSÅ: Bekymra for vidaregåande skular i distrikta

Aldersblanding
Òg argumentet om eit visst elevtal av omsyn til det sosiale aspektet tykkjer Tennø er for vagt.

– Sosialt går det jo ei grense ein stad. Ein skule med to elevar er ikkje noko særleg, men denne grensa går ikkje på 30, meiner mållagsleiaren, som sjølv har born på ein liten skule.

Skuleforskar Rune Kvalsund ved Høgskulen i Volda har arbeidd med skule og lokalsamfunn i 25 år. Han kjenner ikkje til noko forsking om sosial læring som har elevtalet 30 som føresetnad.

– Etter mitt beste skjøn manglar det forskingsgrunnlag for denne endringa. Det er snarare slik at me har forsking som viser at dei små skulane, inkludert dei såkalla todelte skulane med mellom 12 og 30 elevar, fungerer kvalitativt betre en dei større skulane (>70 elevar) når det gjeld tilhøyrsle, fellesskap, identitet og sosial læring, skriv Kvalsund i ein epost til Framtida.no.

Han peikar på at sjølv om det finst gode døme på småskular som fungerer glimrande for sosial læring, er dette sjølvsagt ikkje alltid tilfellet. Fordelen er då at det oftast er lettare å gjere noko med problema i eit lite sosialt system, ifølgje Kvalsund.

LES OGSÅ: – Mobbing er unødvendig

– Skuffa over at Kunnskapsdepartementet
I små skular vert ofte fleire klassetrinn slått saman. Tennø viser til forsking som peikar på fordelane ved aldersblanding i skulen.

Dette argumentet nyttar òg Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS).

Organisasjonen meiner at absolutte krav til elevgrunnlaget for slike privatskular må takast bort, fordi det saknar eitkvart grunnlag gjennom forsking og skulefaglege vurderingar.

– Me er skuffa over at Kunnskapsdepartementet ikkje legg fram eit forslag som er kunnskapsbasert, seier rådgjevar i LUFS Torodd Fagerheim på telefon til Framtida.no.

LUFS kallar framlegget diskriminerande og meiner det vil gjere skulesituasjonen verre – særleg for born i distrikta.

Dei peikar på at privatskulelova er til for å sikre rettane til dei elevane som ikkje får oppfylt rettane sine gjennom den offentlege skulen.

LES OGSÅ : Nasjonale prøvar kan gi eit feilaktig bilete

Mange tilbakemeldingar
Høyringsrunden om ny privatskulelov har skapt stort engasjement. Ifølgje departementet har dei fått inn nær hundre tilbakemeldingar.

– Departementet går no gjennom alle utsegna, og vurderer forslaget i lys av dei argumenta som har kome fram. Det vert teke sikte på å leggje forslag til ny lov fram for Stortinget denne våren, skriv ein talsperson for Kunnskapsdepartementet i eposten til Framtida.

Faktaboks

I oktober 2014 sendte Kunnskapsdepartementet ut høyringsnotat om endringar i privatskulelova (ny friskulelov)

Høyringsfristen gjekk ut 15. januar 2015

Kunnskapsdepartementet tek sikte på å leggje fram eit lovforslag i løpet av våren 2015

Ein Montessori-skule er ein privatskule bygd på dei pedagogiske prinsippa etter den italienske legen Maria Montessori.