Svein Gjerdåker forklarar kvifor Hellas har hamna i den skakkøyrde situasjonen dei er i.

Svein Gjerdåker, Dag og Tid
Svein Gjerdåker, Dag og Tid

Artikkelen var først publisert i Dag og Tid.

Hellas har svært mange av dei klassiske kjenneteikna til eit u-land. Éin ting er økonomien. Men landet har òg eit politisk system prega av klientisme, der dei som styrer til kvar tid deler ut pengar for å sikra oppslutnad og lojalitet.

LES OGSÅ: Kva skjedde i Hellas?

Korrupsjonen gjennomsyrer samfunnet heilt ned til dei enklaste offentlege tenestene. Og det manglar noko så avgjerande som eit effektivt og truverdig skattesystem. Di meir ein les om vanstyret i landet – tiår etter tiår – di meir provosert vert ein.

Og det starta lenge før Hellas innførde euroen. Difor burde landet aldri vore med i EUs valutaunion. Ein valuta­union må vera samansett av mest mogeleg like land med felles budsjettpolitikk. Når EU fyrst tok landet med i euroen, burde dei ha fylgt opp med ein streng budsjettkontroll og hindra Hellas dei enorme låna landet tok til.

LES OGSÅ: På nikk med makta

Men det skjedde ikkje. EU var styrt av overmot og tok ikkje inn over seg at i internasjonal politikk må ein òg ta omsyn til nasjonale og kulturelle skilnader.

Kva gjer landet no? Det er nærast umogeleg å svara på spørsmålet. Som euro-medlem kan ikkje Hellas devaluera valutaen. Alternativet er å halda fram innsparinga og få ned lønene. Problemet då er at folk misser kjøpekraft og at arbeidsløysa stig. Dessutan ligg den enorme statsgjelda der og øydelegg alt handlingsrom.

LES OGSÅ: Nja til EU

Krisa i Hellas har fleire taparar. Fyrst og fremst det greske folket, men òg EU som organisasjon, som har synt seg anten naiv, uansvarleg, handlingslamma eller inkompetent – eller alt på ein gong. Dessutan resten av Europa. For økonomisk vanstyre avlar ekstremisme.

Difor er godt økonomisk styresett ein av dei viktigaste føresetnadene for demokratiet. At ikkje EU la nok vekt på den enkle kunnskapen då dei innførde euroen, er eit av dei største mistaka i EU til no.

LES OGSÅ: Lost in translation – historien om Belgia

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE