Når NTNU går saman med høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag blir dei størst i landet. Prosessen kan skapa store problem for studentane.

Faktaboks

Etter eit styremøte ved NTNU er det bestemt at høgskulane i Ålesund, Gjøvik og Sør-Trøndelag skal bli ein del av universitetet.

Nye NTNU blir den største utdanningsinstitusjonen i Noreg, med over 36.000 studentar og 6500 tilsette. Statusen som størst fører med seg mange utfordringar.

Store utfordringar kjem med lange avstandar. Mellom Trondheim og Gjøvik er det 378 kilometer, ifølgje Google Maps. Det tilsvarar rundt fem og ein halv time med bil.

Viktige tema for studentane vil bli studentdemokratiet og studentvelferden. Eit uromoment er å sikra at studentstemma frå til dømes Gjøvik når fram til Trondheim, men det er ikkje studentane i Gjøvik sjølv bekymra for.

Eit anna problem ligg i studentsamskipnadane, som har ansvar for velferdstilbodet. I studentsamskipnadslova står det at ein institusjon ikkje kan vera tilknytt fleire samskipnader. For å halda på samskipnadsstrukturen slik den er i dag, må det difor ei lovendring til.

Kunnskapsdepartementet forsikrar om at tilgang til gode velferdstilbod vil bli viktig også i framtida.

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein storfusjon skapar store utfordringar for studentvelferd og engasjement, meiner leiar for studentparlamentet ved Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST), Synne Grønvold.

– Me stiller oss ikkje på bakbeina her, men me har alltid sagt at me må sjå på realiteten i ei samanslåing. Den største bekymringa no er korleis me skal få forankring i studentmassen – korleis får me fram stemmene frå grasrota, spør Grønvold.

LES OGSÅ: NTNU og tre høgskular vil slå seg saman

Vil ha ei lovendring
Korleis studentvelferden skal handterast på «Nye NTNU» er eit av problema som melder seg med storfusjonen.

– Det blir ei utfordring med studentsamskipnadene, for ein institusjon kan ikkje tilhøyra fleire samskipnader. Det betyr at lova må endrast, eller så må skipnaden i Trondheim ha tilbod i både Gjøvik og Ålesund. Og det blir jo veldig rart, seier Grønvold.

I Samskipnadslova frå 2008 heiter det at alle institusjonar som er omfatta av universitets- og høgskulelova skal vera tilknytt ein studentsamskipnad, men at departementet avgjer kva studentsamskipnad det einskilde institusjon skal vera tilknytt.

Departementet kan med andre ord gjera unntak, men det blir uansett ein stor prosess institusjonane må gå gjennom i tida som kjem.

– Dessutan har me eit velferdsting i Trondheim som jobbar for alle studentane i byen. Skal dei bli velferdstinget for Ålesund og Gjøvik òg? Det veit me lite om, legg Synne Grønvold til.

SPHiG er klar over problemet som kan oppstå med studentsamskipnadane. I likheit med HiST håpar dei å sjå ei lovendring.

– Det vil bli eit problem om det skal bestemmast velferdstiltak for oss i Trondheim. Det blir meir naturleg for oss å halda på Studentsamskipnaden i Oppland (SOPP), og at dei vernar om våre interesser.

– Men kan ikkje samskipnadane òg fusjonerast, slik som høgskulane?

 – Problemet er at SOPP har både Lillehammer og Gjøvik, og det vil bli ein stor prosess å dela opp og skilja ut Gjøvik eller Lillehammer. Men det må diskuterast vidare, og slik eg har forstått det er dei også interessert i dette i Ålesund.

Ansvaret for velferdstilbodet til Høgskulen i Ålesund ligg hos Studentsamskipnaden for Sunnmøre, som også Høgskulen i Volda ligg under.

Statssekretær Bjørn Haugstad (H) i Kunnskapsdepartementet kommenterer problemet slik:

– Oppfølginga av NTNU sitt styrevedtak vil medføra eit stort arbeid med korleis fusjonen skal gjennomførast. Der vil også oppfølginga av studentsamskipnadane inngå. Det er naturlegvis viktig at studentane har tilgang til gode velferdstilbod også i framtida, skriv Haugstad i ein e-post til Framtida.no

SynneGronvoldpressered

Leiar for Studentparlamentet ved Høgskulen i Sør-Trøndelag er skeptisk til samanslåinga. Foto: Presse

LES OGSÅ: Slik vil nettet revolusjonera utdanninga

Kva med demokratiet?
Eit anna argument mot større institusjonar med store avstandar har vore at studentdemokratiet vil bli lidande. På "Nye NTNU" blir avstanden mellom to av campusane, Gjøvik og Trondheim, 378 km, rundt fem og ein halv time med bil.

Det vil skapa ekstra utfordringar for studentdemokratiet, og no er mykje usikkert om vegen vidare.

– Dei ulike studentdemokratia har snakka saman, og studentstemma var viktig for alle. Me må ha noko felles som jobbar opp mot rektoratet, og så må me ha nokon som jobbar heiltid på kvar institusjon. Det er alle einige i, elles er det mange måtar å gjera dette på, seier Grønvold.

I dag har ikkje Gjøvik nokon som jobbar fulltid med studentdemokratiet, men ei stilling på 30 prosent. Det blir eit viktig krav i fusjonsprosessen.

– Det er eit krav me stiller, for det er store avstandar, og ein må møtast av og til. Me er avhengig av frikjøpte studentpolitikarar, og det er me klare på her nede, seier Sørfonden. Han har ikkje fått nokon reaksjon på det kravet frå leiinga, men fortel at det skal diskuterast nærare til veka.

LES OGSÅ: – Kva er annleis med dykk?

Delt om svekking
– Eg trur dette kan svekka studentdemokratiet. Det er vanskeleg nok med engasjement og oppslutnad, og blir det for mykje jobb kan det bli mindre engasjement, fordi det er for mykje jobb å gjera, legg ho til.

Grønvold fortel at spørsmålet om studentstemma er viktig for alle institusjonane. I dag er det vanskeleg å sjå korleis det skal fungera i praksis.

Jonathan Sørfonden ved SPHiG deler ikkje uroa Synne Grønvold har for at studentdemokratiet skal svekkas.

– Me er veldig klar over at dei er bekymra, men me trur ikkje det vil bli eit problem. Løysinga er ikkje klar, men det som er naturleg er at det vil bli lokale studentdemokrati ved alle institusjonane, med eit sentralstyre i Trondheim. Å styra Gjøvik frå Trondheim blir unaturleg for begge partar, spesielt for studentane her nede.

LES OGSÅ: Fuskesak kan hamna i Høgsterett

Korleis?
Grønvold saknar fleire spørsmål som startar med korleis, ikkje kva og kven.

– Me har heile tida sett fordelar med å slå oss saman med NTNU, fordi me har komplementære utdanningar og kort avstand, samt ein felles identitet som Trondheims-student. Men det har vore litt for mykje snakk om kven som skal slåast saman, og lite om kvifor det hevar kvaliteten. Det er klart dette er ein prosess, men umiddelbart er det ikkje noko kvalitetsheving for HiST med ein storfusjon, seier Grønvold, som legg til at ho ikkje er i tvil om kvaliteten på dei ulike fagmiljøa.

Studentane ved Høgskulen i Gjøvik deler ikkje skepsisen til Synne Grønvold. Dei er begeistra for fusjonen med NTNU.

– Me meiner at dette vil gi eit løft for skulen vår, både for utdanningskvaliteten, fagmiljøa og sjølvsagt økonomien, seier Jonathan Sørfonden, leiar ved Studentparlamentet ved Høgskulen i Gjøvik (SPHiG)

LES OGSÅ: Blir det Vestlands-universitet likevel?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE