Fuskesak kan hamna i Høgsterett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Juks anka til Høgsterett

Som Studvest tidligare har skrive, om vart tidligare UiB-student Martin Seglen Baadshaug (26) frikjent for fusk i lagmannsretten rett før jul.

No melder regjeringsadvokaten at fuskesaka er blitt anka til Høgsterett. Det var universitetsavisa På Høyden som først omtala saka. Dei skriv òg at så langt dei kjenner til, er dette første gong en fuskesak på eit universitet kan ende i landets høgste domstol.

LES OGSÅ: Frp-studentar mest villige til å jukse

– Tviegga sverd
– Det at saka min no kan ende opp i Høgsterett er jo eit tviegga sverd. Sjølvsagt er eg nervøs, men det er jo òg mest sannsynleg mi einaste moglegheit til å opptre som part i Høgsterett, seier Baadshaug.

– No som den først har gått så langt, så hadde det jo vore morosamt.

Baadshaug har nytta ventetida til å få litt avkopling frå saka, som har gått sidan haustsemesteret 2012.

LES OGSÅ: Flest utvis for juks på UiO

– Fem prosent til Høgsterett
Baadshaugs advokat Halfdan Mellbye seier til Studvest at han enno ikkje har fått anken, og at den nok ikkje vil kome til han før i neste veke. Då vil han og Baadshaug ha tre veker på å skrive eit tilsvar.

– Tilsvaret vil bli sendt til lagmannsretten der ankeutvalet vil ta stilling til om saka går heilt til Høgsterett. 95 prosent av sakene som kjem hit slepp ikkje inn, så sannsynlegheita er framleis ganske liten, forklarar Mellbye.

Om saka ikkje slepp inn vil dommen frå lagmannsretten bli ståande.

– Det vil me få vete i løpet av eit par månadar, meiner advokaten.

LES OGSÅ: Vil registrera jukse-studentar

Kan bli dyrt
– Spørsmålet no i første omgang blir kven som skal betale for tilsvarskostnadane, seier Mellbye.

UiB og staten skulle dekke Baadshaugs advokatutgifter, det bestemte lagmannsretten. No som saka kan hamne i Høgsterett er dette meir usikkert, då Universitets- og høgskulelova seier at universitet sitt ansvar berre rekk til tingretten. Om han taper, kan han altså risikere og verte sittande igjen med sakskostnadane sjølv.

– Då risikerer eg å måtte selje leilegheita, seier Baadshaug.

Advokat Mellbye har engasjert seg i fleire saker han omtalar som «dei mindre alvorlege tilfella».

– Det er interessant at det er her, ikkje berre Universitetet i Bergen, men fleire av utdanningsinstitusjonane i Noreg, har sitt hovudfokus. Saker som gjerne dreier seg om småfeil og bagatellar, seier han.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

Gangen i saka:

September 2012: UiBs sentrale klagenemnd annullerer Baadshaugs eksamen. Baadshaug vert utestengd frå UiB i haustsemesteret 2012.

November 2013: Tingretten dømmer imot Baadshaug.

Desember 2014: Lagmannsretten reverserer Tingrettens dom. Lagmannsretten stiller spørsmål ved universitetets bruk av omgrepet «fusk» som skildring av eit «objektivt gjerningsinnhold».

Januar 2015: Regjeringsadvokaten melder at staten ankar fuskesaka til landets høgste domstol.