Avissenteret på eigne bein

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det betyr at me formelt frigjer oss frå avisa Firda. Dette synleggjer at me er eit nasjonalt tiltak som skal kome alle nynorskavisene til gode, seier dagleg leiar i Nynorsk Avissenter Ivar Myklebust Longvastøl.

LES OGSÅ: 2,2 millionar til Nynorsk Avissenter

Livsviktig løyving
Det intensive undervisningsopplegget for framtidige nynorskbrukande journalistar, som starta opp i Førde hausten 2013, går med dette frå å vere eit prosjekt til ei sjølvstendig eining.

Ifølgje Longvastøl hadde ikkje dette vore mogleg om det ikkje var for at Kulturdepartementet løyva 2,2 millionar til avissenteret over statsbudsjettet for 2015. Hadde det ikkje vore for desse pengane hadde senteret mest sannsynleg vorte nedlagt.  

– Me er avhengige av at politikarane synest det me driv med er så viktig for det nynorske språket og for å fremja god journalistikk at me får løyvingar òg i framtida, forklarar Longvastøl.

LES OGSÅ: Startar Nynorsk Avissenter i Førde

Fostermor Firda
Avisa Firda var initiativtakar og har fungert som ei slags fostermor for prosjektet Nynorsk Avissenter.

Sjølv om stiftinga no står på eigne bein vil dei framleis samarbeide tett med avisa Firda og Nynorsk Mediesenter, som òg held til i Førde.

Den nye stiftinga er oppretta av avisa Firda, Mediebedriftenes landsforbund og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Yngve Årdal, redaktør i Firda, er òg styreleiar i stiftinga Nynorsk Avisenter. Han er i likheit med dagleg leiar oppteken av at kompetansen som vert utvikla skal kome alle nynorskavisene til gode.

– Tidlegare var det Firda som dreiv dette fram, men no er det stiftinga. Det er eit prosjekt for nynorsken, det er ikkje eit Firda-prosjekt lenger, understrekar han ovanfor Framtida.no.

LES OGSÅ: Jentekull til Nynorsk Avissenter

Klasseredaksjon
Som redaktør kan Årdal fortelje at praktikantane har hatt ein positiv effekt på redaksjonen til lokalavisa.

– Dei utfordrar dei etablerte journalistane på mange felt. Gjennom ei fadderrolle har våre journalistar vorte meir medvitne kring kva dei kan og kva dei har å lære vidare, forklarar Årdal.

Både styreleiar Årdal og dagleg leiar Longvastøl understrekar at dei formelle endringane ikkje vil endre undervisningsopplegget på Nynorsk Avissenter. Dei vil framleis nyte godt av avisa Firda sin kompetanse og lokale.

– Heile den pedagogiske modellen byggjer på at praktikantane har Noregs største nynorskavis som klasserom. Allereie første veka byrjar dei å produsere og publisere saker på Firda sine plattformar, avsluttar Longvastøl.

Faktaboks

Nynorsk Avissenter i Førde

Oppretta av Firda Media hausten 2013

Fekk då økonomisk støtte frå Vinjefondet i Kulturdepartementet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune og aviskonsernet Amedia som eig Firda.

Har no sitt fjerde kull med nynorske avispraktikantar under opplæring

28. januar vart stiftinga Nynorsk Avissenter offisielt oppretta

For 2015 har staten løyvd 2,2 millionar og Amedia/Firda har bidrege med 600.000 kroner

Kjelde: Nynorsk Avissenter