NTNU og tre høgskular vil slå seg saman
Høgskulane i Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndelag skiftar namn til NTNU.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tre høgskular blir til NTNU
– Fusjon med høgskulane i Gjøvik og Ålesund grunngjev eg med dei faglege høva som eit slikt samarbeid vil gi for teknologiområdet, seier rektor Gunnar Bovim ved NTNU i ei pressemelding.
Samarbeidspartnarane reknar med at fusjonen kan auka rekrutteringa til alle studia. Samstundes trur dei også at det blir lettare for NTNU å få EU-kontraktar og konkurrera om høgt kvalifisert arbeidskraft.
Høgskule-rektorane som skal fusjonera, er glade for avgjersla som no er tatt i NTNU-styret.
– Fusjonen gjer at me saman oppfyller samfunnsoppdraget vårt på ein endå betre måte. Samtidig vil dette gagna det regionale arbeids- og næringslivet vårt, då me blir ein sterkare partner innan både utdanning og forsking, seier rektor Marianne Synnes ved Høgskolen i Ålesund.
LES OGSÅ: – Kva er annleis med dykk?
Skuffelse i Narvik
Opprinneleg var det også foreslått at Høgskolen i Narvik skulle inngå i det nye universitetet, men HiN er ikkje ein del av fusjonsvedtaket. Denne høgskulen er også den minste av dei aktuelle samarbeidspartnarane.
– Det er skuffande, spesielt at ikkje ein slik stor teknologisamanslåing har med seg det nordnorske perspektivet. Men dette har samtidig vore ein nyttig og lærerik prosess der me har fått sett på samarbeidshøve som me ikkje har vore tenkt på før, seier rektor Arne Erik Holdø ved Høgskolen i Narvik.
Rektor Gunnar Bovim understrekar at NTNU framleis vil ønska å bygga ut sitt samarbeid med andre institusjonar og næringsklynger over heile landet.
Det er for tidleg å seia når samanslåinga praktisk vil tre i kraft.