– Kva er annleis med dykk?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torbjørn Røe Isaksen bad sjølv om å få besøke HiSF, rett i forkant av fristen til å gje departementet eit endeleg svar på strukturspørsmålet. I løpet av styreseminaret 4. og 5. februar skal styret vedta kva tilbakemelding dei vil gje til kunnskapsministeren – om det er aktuelt å gå inn for noko anna enn sjølvstende, som har vore linja så langt.

– Vi gav svaret vårt alt i Strategiplanen vår i sommar: HiSF er best tent med sjølvstende. Men det svaret var ikkje godt nok. For meg heiter dette tvang. Du kjem på nytt for å be om eit svar vi ikkje ønskjer å gje, sa instituttleiar Leif Longvanes under den opne debatten på kvelden 27. februar.

– Ein usikker strategi

– Eg spør igjen, ja. Og det er eit press at vi stadig spør, erkjente Røe Isaksen.

Han framheva at viss departementet hadde ønska ein kort prosess, kunne dei berre ha vedteke å redusere talet institusjonar til 8-10, slik som Stjernø-utvalet i si tid tilrådde. I staden valde han ein open prosess, der institusjonane sjølve fekk foreslå konstellasjonar.

– Diagnosen er stilt mange gonger. Fagmiljøa er for små og fragmenterte, og greier ikkje løfte seg. Difor held eg fram med å spørje og grave til dei som meiner dei står best aleine. For det er ikkje så sikkert. Det er faktisk ganske usikkert å ha som strategi, sa ministeren.

Svært mange hadde møtt opp i Høgskulebygget for å delta i debatten om framtida til høgskulen, både av tilsette og frå lokalmiljøet. Meiningane var sterke og delte. Gunn Marit Haugsbø frå Utdanningsforbundet, ein av innleiarane, framheva det gode samarbeidet mellom skulesektoren i fylket og høgskulen, og meinte dette var ei sentral årsak til at elevane i grunnskulen i fylket skårar i toppklassen på nasjonale prøver.

– Vil vi greie å ta vare på den nærleiken innanfor ein annan struktur? Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får, sa ho.

LES OGSÅ:Fekk positive signal, men ikkje pengar

Sentraliseringsfrykta

Ministeren, som sjølv er frå Porsgrunn, samanlikna HiSF med høgskulen i heimfylket hans, Telemark. Der er det vedteke fusjon med høgskulane i Buskerud og Vestfold. Både fagmiljøa og det politiske miljøet har vore svært positive til dette, og meint det var ei styrking av institusjonen. Kvifor er skepsisen til samanslåing så stor i Sogn og Fjordane? undra Røe Isaksen.

Mange av svara på dette spørsmålet handla om frykta for ei sentralisering av makta, og eit tap av sjølvråderetten:

– Nokre år etter ei samanslåing med Bergen risikerer vi at det nye styret byrjar å snakke om økonomi, og kostnadene med å drifte campusa i Sogn og Fjordane. Kva fag vil då få vere igjen her? spurde Ingunn Skjelbreidalen, tilsetterepresentant i styret.

– Det vil vere den sterke som vinn, og den svake som tapar, meinte Per Jarle Sætre, samfunnsvitar.

– Denne regjeringa gjentek stadig mantraet om at det er robuste einingar som gir meir kvalitet. Men et har aldri sett dette dokumentert, sa leiaren i Sogn Regionråd, Harald Oftedal.

Vinnarar og taparar

– At det alltid er ein vinnar og ein tapar i ein fusjon – eg trur ikkje dei ville sagt det i Finmark. Der meiner mange at høgskulen har komme styrka ut av fusjon med dei som er større. Eg trur heller ikkje Gjøvik eller Stord/Haugesund ventar å tape på det, tvert imot, sa Røe Isaksen.

Han framheva eksempelet Stord/Haugesund, ein høgskule som liknar på HiSF. Der har dei konkludert med at jobben med å fylle krava til ein femårig lærarutdanning vil krevje såpass mykje at dei treng Universitetet i Stavanger i ryggen.

– Gjennom presentasjonen av HiSF ser eg at de har svært ambisiøse planar for å løfte forskinga og kompetansen blant dei tilsette. Eg trur dette vil vere langt lettare å få til innanfor rammene av ein større institusjon, med meir pengar i ryggen.

Han peika på at HiSF ligg lågt mellom anna på publiseringspoeng per tilsett og på tilgangen til forskingsmidlar frå EU. Dette taler for at HiSF bør sjå på samarbeidskonstellasjonar, meinte ministeren.

LES OGSÅ:Røe Isaksen vil halvere talet på høgskular

Fekk også støtte

Sjølv om mange hadde kritiske spørsmål, fekk ministeren også støtte for synet sitt blant høgskuletilsette. Forskar Jon Roger Andersen og dekan Eva Marie Halvorsen frå Avdeling for helsefag snakka varmt om samanslåing som eit nødvendig grep for å styrke fagmiljøet innan helsefaga. Øyvind Glosvik, dosent i administrasjon og organisasjonsfag, erklærte seg heilt samd i resonnementa til ministeren.

– Vi i HiSF klarer oss bra på veldig mange felt. Men det er heilt på marginane. Difor bør vi vere på hogget no, sa Glosvik, og minna om den tidlegare fusjonen av institusjonar innanfor fylket:

– Tenk tilbake på 1994. Var det mislykka å slå i hop desse fire småskulane? Tenk litt på det. Kan vi ikkje invitere nokon frå Alta og be dei dele erfaringane sine frå fusjonen der? foreslo han.

Universitetet? Eller høgskulane?

Inviter høgskulane i Bergen og Volda til forhandlingsbordet straks, meinte Jon Roger Andersen. Fleire ved høgskulen, særleg samfunnsvitarane, er derimot bestemte på at Universitetet i Bergen må vere med, om det i det heile skal vere snakk om samanslåing. Men universitetet vil ikkje, og må heller ikkje:

– Kvifor har du freda universiteta frå samanslåing? Det er å stikke kjeppar i hjula for denne prosessen, meinte dekan ved Avdeling for samfunnsfag, Anne-Grethe Naustdal.

– Det er eit godt spørsmål. Fire landsdelsuniversitet kan vere aktuelt på lengre sikt. Men det er vanskeleg å ta i eit jafs, sa ministeren.

Han var også oppteken av å framheve at den regionale rolla til høgskulane skal vere like viktig i framtida, uansett struktur:

– Dette er ikkje ein sentraliseringsreform. Det blir bakt inn i oppdraget til dei nye institusjonane at dei skal ha ei regional rolle, og levere til arbeidslivet regionalt. Vil ein i det heile teke greie å ta vare på det desentraliserte tilbodet viss ikkje vi gjer noko med strukturen? Eg trur det vil vere vanskeleg, sa mininsteren.

Først publisert på Hisf.no