Fleirtal for fleksibel arbeidstid

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha fleksibel arbeidstid

I dag streikar over 1,5 millionar nordmenn i protest mot regjeringa sitt forslag til endringar i arbeidsmiljølova.

Medlemmer i LO og fagorganisasjonane var teke ut i ein to timar lang politisk streik mellom klokka 1400 og 1600 i dag.

LES OGSÅ: Difor streikar Anne Margrethe i dag

NHO: – Overreaksjon
Meir pålagt overtid, lengre vakter, meir søndagsjobbing, lettare midlertidige tilsettingar og at vikarar kan få lågare løn enn fest tilsette er mellom forslaga som har møtt sterkast motstand.

Men basert på ei ny undersøking meiner NHO at fagrørsla er i utakt med folket når det kjem til spørsmålet om midlertidige tilsettingar.

– Ein politisk streik i den skalaen me no ser, er ein overreaksjon på ei tidsmessig tilpassing og en forsiktig oppmjuking av arbeidsmiljølova, seier NHO-sjef Kristin Skogen Lund i ei pressemelding. 

Yngre meir positive
På oppdrag frå NHO har Research gjennomført ei spørjeundersøking blant 1000 nordmenn over 15 år.

Meiningane blant respondentane er delte.

20 prosent er heilt einige i påstanden om at midlertidige tilsettingar vil føra til ei brutalisering av arbeidslivet, medan 17 prosent er heilt ueinige.

På dette punktet er personar under 30 år meir positive, enn dei eldre. 

– Det bør vere eit tankekors for fagrørsla at dei yngre er langt meir positive til midlertidige tilsetjingar enn dei eldre. Spesielt med tanke på at det er dei unge fagrørsla dyttar framføre seg i denne debatten, seier Skogen Lund.

Skremselspropaganda
Basert på spørjeundersøkinga meiner NHO at fleirtalet vil ha ei meir fleksibel arbeidstidsordning.

– LO spreier usanningar om regjeringas forslag til endringar, som at tilsette vil bli pålagt meir overtid utan overtidsbetaling. Dette er feil. Eg mistenkjer at det ligg politiske motiv bak LOs skremselspropaganda. Samstundes er dei fråverande når det gjeld forslag til kva ein skal gjere for å skape fleire arbeidsplassar, seier Skogen Lund.

Meir makt til arbeidsgjevar
Førstesekretær i LO, Peggy Helsen Følsvik, peikar på at det ikkje finst forsking som støtter NHOs påstand om at midlertidige tilsettingar vil gje fleire ein veg inn i arbeidslivet og trur ikkje undersøkinga får fram kva endringane vil seie i praksis.

– Fleksibel arbeidstid er gjennomførbart innanfor lovens rammer. Det NHO og regjeringa ynskjer, er å gje arbeidsgjevaren meir makt til å styre den fleksibiliteten, seier Følsvik til Aftenposten.

Faktaboks

Fleire funn i NHOs spørjeundersøking:

67 prosent er heilt eller delvis einige i at fleksibel arbeidstid er eit gode for arbeidstakarane.

58 prosent er heilt eller delvis einige i at fleksibel arbeidstid er eit gode for arbeidsgjevar.

53 prosent er heilt eller delvis einige i at større moglegheit for midlertidige tilsettingar vil gå ut over talet på faste tilsettingar.

46 prosent er heilt eller delvis einige i at midlertidige tilsettingar vil gje bedriftene betre høve til å finne ut om det er rom for å tilsette fleire.

36 prosent av dei spurte er heilt eller delvis einige i at midlertidige tilsettingar vil gjere det lettare å få fleire inn i arbeidslivet.

Kjelde: NHO