Odd Helge Bakkan frå Seljord skulle eigentleg fortsette eit heilt vanleg studentliv i Bergen. I staden enda han opp med å køyre rundt på ministarar og forsvarssjefar i Washington D.C. 

Gjermund Midtbø, Vest-Telemark Blad
Gjermund Midtbø, Vest-Telemark Blad

– Det er det beste av to verdenar. Gå i grønt og få jobbe i USA, ler Odd Helge Bakkan fornøgd.

Han har kome heim på joleferie til Seljord og teke ei pause frå ambassadelivet i den amerikanske hovudstaden. Frå forstaden Arlington der han bur fem minutt utanfor bykjernen til metropolen som med områda rundt har fleire innbyggjarar enn heile Noreg. 5,6 millionar menneske bur i og rundt Washington D.C. Overgangen var stor, men no føler 24åringen seg nesten like heime der som i heimbygda.

LES OGSÅ: På nikk med makta

Kunne ikkje takke nei
– Eg trudde overgangen skulle vere større, men ein blir fort vant til dei store forforholda. Det blir veldig rart å skulle fortsette kvardagen heime i Noreg til hausten.

For det har gått to og eit halvt år sidan han fekk tilbodet om åremålsstillinga på tre år han ikkje kunne takke nei til. Odd Helge hadde gjort seg ferdig med fyrstegongstenesta, starta på studia og flytta inn med kjærasten i Bergen. Men tilbodet om å få jobbe ved den militære delen på ein ambassade, og attpåtil i USA blei likevel ikkje vanskeleg å svare på. – For det fyrste så gav fyrstegongstenesta meirsmak. Det var ikkje berre det at ein kunne få jobbe på ein ambassade i USA, men det å vere tilbake i militæret var noko som også appellerte til meg. Sjølvsagt, det var jo totalpakka som var fristande. Gå i grønt, jobbe i USA og vere diplomat på toppen av det heile. Det er jo ei pakke ein ikkje kunne seie nei til, seier han glisande.

Du kjem ikkje for seint til Pentagonliksom.

Han fekk stillinga og sat økonomistudia i Bergen på vent. Forventingane han hadde då han sat seg på flyet over dammen i 2012, har til dei grader innfridd.

– Eg stortrivst og kunne ikkje hatt det betre. Det er jo aldri heilt slik ein ser for seg at det skal vere. Men det har definitivt overgått alle forventningar.

LES OGSÅ: Internasjonale studentar får ikkje kontakt

Hentar post i Pentagon
Men korleis er eigentleg ein vanleg arbeidsdag som sersjant ved ein av dei største norske utanriksstasjonane i Washington D.C?

– Ein vanleg dag, ja sei det. Dei er veldig varierte, men som regel står eg opp tidleg, rundt sju. Eg er på jobb litt før halv åtte og startar dagen med å behandle søknadar frå militære og sivile verksemder som skal til ei til.

USA. Me har eit morgonmøte der me gjennomgår tingenes tilstand. Etter det har eg typisk eit sjåføroppdrag, der eg for eksempel skal køyre ein attaché. Med jamne mellomrom er eg innom Pentagon og hentar post, eg behandlar også diplomatisk post som ikkje kan sendast på vanleg vis. Ein annan del av jobben er å svare på spørsmål frå amerikanarar som til dømes lurar på korleis fyrstegongsteneste fungerer i Noreg eller fortel at bestefaren deira tenestegjorde under krigen i Noreg. I tillegg jobbar me med dei store linene og planlegg dei store besøka.

Store besøk er det nemleg nok av i den amerikanske hovudstaden der både Pentagon, Kongressen og det kvite hus held til. Under dei store besøka frå norske ministarar og forsvarstoppar er det ofte ein seljording bak rattet.

– Det er jo sjølve kremen av jobben. Det er mykje som er spennande, men når ministeren går frå VIP-møter i Kongressen til å møte USA sin forsvarsminister i Pentagon og tidsplanen er stram, så er jo det veldig spennande. Då køyrer me kolonne med eskorte gjennom byen der trafikken kan vere eit mareritt. Du kjem ikkje for seint til Pentagon liksom, så mykje av tida går med til planlegging, fortel han.

LES OGSÅ: Vil ha dobbelt så mange vernepliktige

Ikkje heilt som James Bond
Ambassaden i Washington D.C har over 50 tilsette og er ein av få ambassadar som også har ein større militær del. Delen tel ti mann i uniform, mellom anna to sersjantar som Odd Helge er ein av, kaptein, major, oberst og ein general. Sidan han ikkje har befalsutdanning har han stillinga berre mellombels. Likevel legg han ikkje skjul på at han nok veit hakket meir enn det som står i avisene etter to og eit halvt år på den norske ambassaden.

– Eg skulle gjerne sagt det var som i James Bond. Det er nok ikkje heilt slik, men det er jo ofte ein er der det skjer og det er veldig spennande. Det er ikkje alt ein kan lese om VG og Dagbladet, seier han med eit litt lurt smil.

LES OGSÅ: Vil ha våpentrening for russiske elevar

Alt er betre og verre i USA
Kontrastane frå livet i millionbyen er sjølvsagt store frå både heimbygda Seljord og Bergen der 24-åringen så vidt fekk starta studenttida. Seljordingen synest det er lettare å setje ting i perspektiv no som han har budd langt frå heimlandet i snart tre år.

– Ein ser betre kva som er bra i Noreg og kva som kanskje ikkje er like bra når ein bur i utlandet. Den største skilnaden i USA trur eg er at alt er betre og verre. Alt er jo større, ytterkantane er mykje meir markante. Eg føler Noreg på godt og vondt er flatt, medan USA har hjartemonitoren som hoppar opp og ned. I sum gjev det kanskje eit ganske likt resultat, meiner han.

No blir det uansett litt godt å ta fatt på studia han sette på vent for snart tre år sidan.

– På mange måtar blir det godt å fortsette studia i Noreg og bli litt vaksen, ler Odd Helge.

– Har du fått lyst på ein ambassadejobb seinare?

– Eg veit ikkje om det er ei karriere eg vil satse på. Ein blir veldig rotlaus kan eg tenkje meg, med tre år her også nye tre år ein heilt annan plass. No blir det ein del år med økonomistudiar fyrst, så får me sjå kva det blir, slår seljordingen som no er i gang med sitt siste halve år som sersjant ved den norske ambassaden i Washington D.C.

LES OGSÅ: – Ungdom i Europa må reddast

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58
ANNONSE