Nokre av distrikta slit med kvinnemangel, og prøver å rekruttera kvinner i "fertil alder". I desse kommunane er situasjonen snudd.

Faktaboks

Desse kommunane i Sogn og Fjordane har eit lite fleirtal av kvinner mellom 20 og 39 år.

Gulen
Balestrand
Luster
Leikanger
Fjaler

Desse kommunane har eit sterkt herrefleirtal mellom 20 og 39 år:
Sogndal
Årdal
Førde
Stryn

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå

LES FAKTALUKK FAKTA

Møre og Romsdal er det fylket i landet der kvinner mellom 20 og 39 er klarast i mindretal.

– Ja, me må innrømma at me har eit betydeleg kvinneunderskot – spesielt på kvinner mellom 20 og 39 år, i fertil alder – det gjer det litt vanskeleg for oss, safylkesordførar i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) med eit sukk, då Framtida spurde han om situasjonen.

– Og skal me vera heilt ærlege, så er det størst i landet. Det er nok det, held han fram.

Ein rapport frå Møreforsking er bakgrunnen for tala. Ein setning eller to om kvifor.

Bakgrunn: Kvinnene rømmer frå distrikta

Andre vegen
Når ein skal prøva seg på å forklara kvifor det er eit kvinneunderskot i til dømes Møre og Romsdal, blir det ofte peika på typiske distriktstrekk. Lange pendledistansar, mannsdominert kultur og få arbeidsmoglegheiter, saman med andre grunnar.

– Jentene er nok meir urbane enn gutane, sa fylkesordføraren Jon Aasen, og meinte fylket måtte tora å sikta etter meir urbane forhold.

Mykje av det som blir sagt om Møre og Romsdal stemmer òg for Sogn og Fjordane. Der slit dei med eit liknande kvinneunderskot i fleire kommunar, men det er langt ifrå like ille.  Til dømes har kommunane Leikanger, Luster og Balestrand faktisk overskot av kvinner i aldersgruppa 20-39 år, og i fleire andre kommunar er det tilnærma likt. (sjå faktaboks).

Kva er annleis der?

LES OGSÅ: Men livmora mi får du aldri

Tilfellet Leikanger
Framtidsfylket jobbar med rekruttering til Sogn og Fjordane. Dagleg leiar Gro Rukan kan ikkje sei noko sikkert om kvifor det er slik, men ho har nokre teoriar. For ho er det Leikanger som er mest interessant å sjå på.

– Tala for Leikanger er interessante, og dei let seg forklara. Leikanger er hovudsetet for dei offentlege arbeidsplassane i Sogn og Fjordane, deriblant Fylkeskommunen, Fylkesmannen, DIFI, og NAV. I tillegg er Høgskulen i Sogn og Fjordane i same bu- og arbeidsområde. Alle desse arbeidsplassane krev høgare utdanning. Slik sett er Leikanger og Sogn ein attraktiv stad for unge, høgt utdanna kvinner, seier Rukan.

Ho forklarar korleis Framtidsfylket går fram for å treffa kvinnene.

– For oss er det sjølvsagt viktig å appellera til nyutdanna kvinner i vår rekruttering. Me er opptekne av kompetanse og å synleggjere kva moglegheiter som finst her. Vi fokuserer ikkje på "kom heimatt"-bodskap. Det er uinteressant for unge nyutdanna, som er oppteken av å nytte fagutdanninga si.

LES OGSÅ: – Svakast i landet på befolkningsvekst

Maskulin industri
I dag vart og Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane lagt fram for fylkeskommunen. Mot slutten tok administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, ordet og snakka om korleis han meinte Sogn hadde knekt koden for å virka attraktive, samstundes som det var langt igjen å gå mange stader i fylket.

– Ein har Høgskulen, ein har veldig mange offentlege arbeidsplassar, ein har rett og slett eit næringsliv der også kvinnene med høg og akademiske utdanning har moglegheita for å få seg attraktive jobbar. Det siste eg seier der trur eg er nøkkelen til å skapa utvikling fleire stader i Sogn og Fjordane. Om me ikkje klarar å skapa eit næringsliv der me også skapar den typen arbeidsplassar klarar me heller ikkje å skapa utvikling i tal på arbeidsplassar og i befolkning, sa Andenæs.

Han heldt fram med å peika på det han meinte var eit problem.

– Det som slår meg, er at me har utruleg mange flotte bedrifter i fylket. Men det er veldig maskuline bedrifter, seier han. Han trekk mellom anna fram den maritime næringa i Florø, og næringslivet rundt Stryn. I sistnemnde kommune ser ein igjen det maskuline næringslivet i statistikken – 968 menn og 743 kvinner mellom 20 og 39 år bur i Stryn.

Heile presentasjonen av Næringsbarometeret kan du sjå her.

Andenæs trekk fram Sogndal og Førde som gode døme på stader som har "knekt koden", med gode arbeidsplassar for både kvinner og menn. Samstundes er det eit fleirtal av menn i aldersgruppa 20-39 år i begge desse kommunane. Det er vanskeleg å forklara.

– Førde og Sogndal er motorar i fylket vårt, både på storleik og variasjon i arbeidsplassar. Men kvifor det er fleirtal av menn i dei kommunane, kan eg ikkje seia noko om. Samstundes er ikkje tala tydelege på kvar ein bur og kvar ein jobbar, det er mykje flyt i regionen, seier Gro Rukan i Framtidsfylket.

LES OGSÅ: Foreslår Sogn og Fjordane som éin kommune

Må bli sett
Rukan i Framtidsfylket trur at både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har mykje å by på, også for kvinner i «fertil alder».

– Det er viktig å visa at me har mykje å by på her. Det er ei enkel oppskrift, men krev nitidig arbeid og fokus for å bli sett. Det er difor næringslivet i Sogn og Fjordane samhandlar om eigne karrieremesser i Trondheim, Oslo og Bergen, og at oppslutnaden er stor kring vårt regionale traineeprogram.  

Likevel konkluderte Telemarksforskning med at Sogn og Fjordane har den svakaste folkeauken i landet no nyleg.

– Flyttetala er svakast av alle fylka. Det er mange som flyttar frå Sogn og Fjordane til andre fylke, og få som flyttar til, sa Knut S. Vareide frå Telemarksforsking då ha informerte om rapporten til fylkeskommunen tidlegare i år.

Han peika på arbeidsplassutviklinga i fylket som årsak. Sidan 2000 har det vore vekst i talet arbeidsplassar i fylket på 3,1 prosent. Norge har samla sett hatt ei vekst på 15,8 prosent i same perioden.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE