Det går sakte med oljekuttet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Universitas. I handlingsplanen lagt fram av Arbeidsutvalet i Studentparlamentet (SP) for 2014 og 2015 står det Universitetet i Oslo (UiO) skal prioritera miljøvennleg og berekraftig forsking, samt fasa ut all oljeforsking.

I halvårsrapporten frå SP står det likevel at dette ikkje blir prioritert.

LES OGSÅ:– Regjeringa har to oljeministrar

Vil ikkje legga føring
I rapporten står det at det er lite realistisk å få gjennom punktet om å fasa ut oljeforskinga, fordi UiO skal vera ein autonom institusjon.

– Sidan forskinga bør vera fri og at me ikkje burde legga føringar på kva forskarane forskar på vil ikkje dette punktet bli prioritert, står det i rapporten.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet

100 øyremerka millionar
Bakgrunnen for debatten ligg i midlane UiO får frå Statoil til forsking. Den kom på plass i 2013, og gir 100 millionar over fem år til oljeforsking ved universitetet.

Det er desse midla som skapar kontrovers, og leiar i klimanettverket Concerned Students Norway, Erling Fjeldaas, meiner logikken til Arbeidsutvalet ikkje stemmer.

– Me meiner forskinga er langt mindre fri når Statoil legg føringar for kva som forskast på, enn når studentane påverkar UiO til å fasa ut oljeforsking, seier Fjeldaas til Universitas.

LES OGSÅ: Mikroplasten truar livet i havet

Stort engasjement
Det er ikkje berre på UiO det blir kjempa for å gå vekk frå petroleum. I fjor vann Ragnhild Freng Dale Skjervheimsprisen for arbeidet sitt for å gjera Universitetet i Bergen fossilfritt.

Ho meiner overgangen frå fossilbasert til berekraftig forsking er viktig, spesielt grunna universiteta si rolle som førebilete.

– Eg trur det er kjempeviktig av fleire grunnar. For det første sit universiteta på mykje kunnskap og ekspertise. Når me veit så mykje om klimaendringar, og kunnskapen kjem frå nettopp universitetsforsking, er det merkeleg om me ikkje tek konsekvensen av kunnskapen vår, seier ho.

– For det andre har dei eit samfunnsoppdrag. I naturvitskapen snakkar dei etiske retningslinjene om bærekraft og føre-var-prinsippa. Det å ivareta den verda me er avhengige av for framtidige generasjonar er viktig, held Dale fram.

LES OGSÅ: – Det vart fort mykje større enn me trudde

Ei prioritering
Leiar av Studentparlamentet, Marianne Andenæs, seier til Universitas at nedprioriteringa av oljeutfasinga ikkje betyr at dei gir opp klimaengasjementet.

– Me må vera realistiske. Me får ikkje fasa ut oljeforskinga på eit halvt år. Me hadde veldig mange punkt på handlingsplanen i år, og me i arbeidsutvalet er nøydd til å prioritera, seier Andenæs til Universitas.

LES OGSÅ: Veit me nok til å forlata oljen?