Nominasjonslista til Årdal Arbeidarparti har ein snittalder på 44 år.

Truls Grane Sylvarnes, Porten.no
Truls Grane Sylvarnes, Porten.no

Artikkelen var først hos Porten.no

Leiar for nominasjonsnemda Anne Kauppi (Ap) seier dette er den beste lista dei klarar å leggja fram før ho skal vedtakast på nominasjonsmøtet onsdag.

– Eg skulle ønska at me hadde klart å få inn fleire mellom 18 og 30 år på lista og fått fleire til å engasjere seg, seier ho til Porten.no.

Lista med 26 namn har ein snittalder på 44 år. Kauppi forstår ikkje kvifor unge ikkje engasjerer seg.

– Eg håpar at den perioden me no er inne i med nedskjeringar på kommunale tilbod gjer at dei unge vaknar. Dei har jo ikkje noko å kjempa for, legg ho til.

LES OGSÅ: 16-åringane visste ikkje at dei skulle stemma

Nye kandidatar
Eit anna problem kan vera at ein stor del av ungdommen flyttar frå bygda når det kan vera aktuelt å byrja i politikken og dermed ikkje føler den same tilknytninga til bygda.

– Nei, og så kjem dei att i 30-åra og etablerer seg, og der har me fått nokre nye kandidatar no. 

Den yngste på lista er Line Hillestad som er fødd i 1990. Deretter kjem Morten Skarsbø som er fødd fem år tidlegare.

LES OGSÅ: Han er den nye AUF-leiaren

Utskiftingar
I dag har Arbeidarpartiet 16 plassar i kommunestyret, og uansett korleis det går inn mot valet til hausten, vil det bli utskiftingar på desse plassane.

– Nokre har vald ikkje å ta gjenval, og andre har me vald å byta ut for å få inn litt nytt og nye tankar, og det er sunt med litt utskiftingar.

– Me skal inn i ein veldig krevjande periode no, der me skal ut av Robek og få det handlingsrommet som me ønskjer, og då er det greitt å ha litt rutine også, seier Kauppi.

LES OGSÅ: Ikkje alle vil ha stemmerett

Hadde tenkt å trekke seg
Det som nesten er sikkert med kommunereform på trappene, er at dette kan bli det siste kommunestyret i Årdal kommune dersom kommunen slår seg saman med nabokommunar i framtida.

– Eg hadde eigentleg tenkt til å trekka meg, men eg valde likevel å stilla nettopp på grunn av det og fordi det kan vera greitt å ta med seg den rutinen vidare.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE