Viser solidaritet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Ryfylke

– Me er utruleg takksame for bidraget frå elevane ved den vidaregåande skulen. Utan støtta deira dei seinare åra hadde me ikkje kunne driva eit like omfattande arbeid som i dag, slår leiar og grunnleggar av hjelpeorganisasjonen Romania Aid, Morten Brekke, fast.

LES OGSÅ: Slik byrja asylbarn-saka

I løpet av 2014 har dei omlag 400 elevane samla inn mest 100 000 kroner til organisasjonen, og i førre veke fekk Brekke ei hyggeleg overrasking frå skulen på Lofthus.

Ein sjekk på 60 000 kroner frå elevrådet ved Sauda vidaregåande skule blei førre onsdag overrekt Morten Brekke i Romania Aid. Pengane sytte såleis for at hjelpeorganisasjonen fekk ein god start på det nye året. Pengane stammar frå solidaritetsdagen den vidaregåande skulen arrangerte i november i fjor. Solidartietsdagen har dei seinare åra erstatta den nasjonale aksjonen Operasjon Dagsverk, og går ut på dei som vil bruker skuledagen til å gjera ein innsats anten heime eller i ei bedrift. Som betaling for jobben får kvar elev 300 kroner som så blir gitt vidare til ei god sak.

Elevrådsleiar Håkon Espeland fortel at det er mange av elevane som har eit ønske om å hjelpa andre, og som difor deltek på innsamlingsaksjonen.

LES OGSÅ: «I 12 år har han kjempa»